Pallen: Vinnar av Knarren rundt 2024 Runar Skaug Mathisen (Vinje IL) blei lyfta på gullstol av sylvvinnar Thomas Ødegaarden (Team Eksjöhus)(t.v.) og bronsevinnar Henrik Dønnestad (Gulset IF/Team Elon Oslofjord).

Runar tok sin fjerde siger rundt Knarren. – Det har blitt prestisje å vinne

Dei 55 aktive løparane på årets Knarren rundt måtte jobbe hardt på vått og seigt føre skjærtorsdag.

– Det har blitt prestisje å vinne det årvisse Knarren Rundt på Fjågesundheia, kan vinbyggjen Runar Skaug Mathisen fortelje etter han passerte målgang fyrst.

Skjærtorsdag stilte han og fleire av dei andre i skieliten i Telemark til start i det tradisjonsrike 11,5 kilometer lange turrennet på Fjågesundheia.

Artikkelen held fram under annonsen.

På føremiddagen skein sola på bli himmel, men då fellesstarten gjekk kom gråvêret, vind og duskregn.

Rosar løypekøyrarane

Men trass i at påskevêret ikkje leverte frå si beste side då dei aktive løparane skulle ut i sporet, var løpsvinnar Skaug Mathisen fornøgd då han kunne passere målstreken åleine med eit solid telemarksnedslag.

31-åringen frå Kostveit hadde lada godt opp til Knarren med nokre dagar med fiske på vidda, og meinte rennet gjekk veldig fint. Han rosa løypekøyrarane som hadde gjort ein super jobb.

– Hard start

Arrangørane hadde ein snøskuter som køyrde framfor løparane.

– Det var litt vått i dag, og då kan det ofte bli litt tungt å ligge fremst, men med skuteren framfor blei det superbra, seier ein nøgd vinnar.

Startfeltet gjekk hardt ut og staka raskt opp den fyrste bratte bakken. Skaug Mathisen beskriv det som ein hard start.

– Me blei tre stykk ganske tidleg, så jobba me hardt og blei etter kvart to. Men ned siste bakken hadde eg betre gli, så då tok eg leiinga i den viktigaste skifesten i år ned bakken, gliser han nøgd.

Skaug Mathisen kunne torsdag krysse av sin fjerde siger av Knarren rundt, sidan han også vann i 2016, 2017 og 2019. Vinbyggjen har også den gjeldande løyperekorden med tida 27.33 frå arrangementet i 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrst i mål: Til jubel frå publikum kunne Runar Skaug Mathisen (Vinje IL) stadfeste sigeren i årets løp med eit godt nedslag.