Best: Rolf Valle Vik er noregsmeister for juniorar i vektklasse 75 kilo.

Rolf (17) frå Kilegrend blei noregsmeister i boksing

Rolf Valle Vik, opphavleg frå Kilegrend i Fyresdal, blei i helga juniornoregsmeister i boksing.

17-åringen tok sølv i fjor. Då var det ungdoms-NM. Som fyrsteårsjunior var han i helga yngst i klassa. Han boksa mot 17-, 18- og 19-åringar i 75 kilosklassa.

– Eg hadde store forventningar i fjor, men mindre i år sidan eg visste eg konkurrerte mot dei som er eldre enn meg. Det gjorde kanskje at eg hadde litt lågare skuldrer, seier den ferske noregsmeisteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein tett meisterskap, men eg følte eg hadde kontroll i alle kampane, legg han til.

I finalen vann han 5-0 mot Tage Lund Ingvaldsen frå Raufoss bokseklubb.

Valle Vik voks opp i Fyresdal. Her budde han fram til 2. klasse. Han er rett som det er heim til faren som bur i Kilegrend.

Det var fyrst då han flytta til Arendal i 2019 at han byrja med boksing.

– Eg måtte finne ein sport. Etter å ha vore på ei trening, så blei eg hekta, seier Valle Vik.

Han går for tida på toppidrettslina på Sam Eyde videregåande skole i Arendal og trenar to gonger om dagen – både styrke og kondisjon, og boksing. Valle Vik representerer Grimstad bokseklubb.

– Boksing er veldig variert. Ein må vera i god form – både når det gjeld styrke og kondisjon, i tillegg til å ha god teknikk. Eg synest det er veldig gøy og gler meg til kvar dag med trening, seier han.

17-åringen er ein del av juniorlandslagsmiljøet og har ambisjonar om både nordisk meisterskap og europameisterskap – men den store målet er OL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje alt om fire år.

Men fyrst skal han til Danmark med landslaget for å konkurrere i turneringa «tuff nuff».

– Det er ei turnering der ein får to kampar uansett mot internasjonal motstand, sa boksetalentet til lokalavisa Agderposten etter NM i Kristiansand i helga.

Talent: 17-åringen som opphavleg er frå Fyresdal har ambisjonar om internasjonal suksess i bokseringen.