Avgjersla om å gi unntak frå avstandskravet gjer at det igjen kan opnast for kampar og andre konkurransesituasjonar for borne- og ungdomsidretten opp til og med 19 år. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Regjeringa gjenopnar barne- og ungdomsidretten frå 1. august

I juni varsla regjeringa at dersom smittesituasjonen gjorde det mogleg ville det frå 1. august bli gitt unntak frå avstandskravet på minst ein meter ved gjennomføring av konkurransar for born og unge under 20 år. No stadfestar regjeringa at dei står fast ved unntaket.

– Eg er glad for at smittesituasjonen gjer at vi kan halde fast ved det vi signaliserte i juni. Idrett er ein viktig møteplass og sosial arena for born og unge i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja i ei pressemelding.

Det vil bli stilt krav om at arrangørane for idrettsarrangement for born og unge legg til rette for at det kan haldast ein meters avstand blant publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgjersla om å gi unntak frå avstandskravet gjer at det igjen kan opnast for kampar og andre konkurransesituasjonar for borne- og ungdomsidretten opp til og med 19 år.

– Dette betyr at det no vil vere mogleg å planleggje aktivitetar utover hausten. Det er viktig for både borna og idrettslaga, seier kultur- og likestillingsministeren.

(©NPK)