«Raude løparar»: 1. til 4. klasse i Fyresdal kom inn i hallen som «raude løparar» då idrettshallen blei offisielt opna. Foto: Geir Ufs

Opna «Førsdalshallen» med mange «raude løparar»

Måndag blei det feira at Fyresdal endeleg har fått idrettshall, ei satsing til nesten 30 millionar kroner. Eitt av innslaga på den offisielle opninga av «Førsdalshallen» var mange «raude løparar».

Eigentleg stod idrettshallen i Fyresdal ferdig 1. mai, men koronasituasjonen gjorde at han ikkje blei tatt i bruk. Sist måndag var det klar for offisiell opning, fyrst med ein del innbedne gjester, og etterpå var det ope hus i hallen for andre som ynskte å sjå på nybygget kloss ved symjehallen og skulen.

– Idrettshallen har me venta på i over 30 år. Nå var det på tide, sa ordførar Erik Skjervagen (Ap) om byggjeprosjektet som gong etter gong har kome bakarst i utbyggingskøen i kommunen.

Nøgde: Kulturkonsulent Hilde Martini Momrak, ordførar Erik Skjervagen og prosjektleiar John Kjell Lien gleda seg over å kunne opne hallen. Foto: Geir Ufs

Blant gratulantane var Kristin Vedum, leiar i Fyresdal idrettsråd.

– Dette er ein kjempestor dag for oss i idretten, sa ho.

Hallen er bygd i massivtre levert av Woodcon i Brumunddal. Store lastebilar frakta byggeklossar som var laga i Austerrike.

– Eg trur mange som skal bygge kjem hit for å sjå på hallen, sa Vedum.

Andre som var med på fyrste delen av opninga før bygdefolk fekk kome og sjå hallen, var representantar for fylkeskommunen, Norsk Tipping, utbyggar Skorve entreprenør og Vestfold og Telemark idrettskrins.

1. til 4. klasse ved skulen i Fyresdal var kledde i raudt og kom i god fart inn i hallen som «raude løparar» og underheldt. Seinare var det klart for å feire bygget med kaffi og kake, etter utdeling av diverse gåver.

Internasjonal storleik

Kontraktsummen som blei gjort med utbyggar Skorve entreprenør var på 26,9 millionar kroner inkludert moms. Idrettshallen er kostnadsrekna til 28,2 millionar kroner. Sjølve hallen kan delast i 3, har internasjonal handballbanestorleik og er på 1126 kvadratmeter. Brutto areal på byggeprosjektet er på 1367 kvadratmeter. Bygget har lager, reinhaldsrom, ventilasjonsrom, eitt toalett og disponibelt loft som kan brukast til lager. I golvet i hallen er det vassboren varme henta frå kommunalt anlegg.

Bare tre: Hallen er bygd i massivtre. Foto: Geir Ufs

Det er ikkje garderobar og dusjar i nybygget, folk må nytte dei som er i samband med symjebassenget like ved.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Byggjeprosessen gjekk veldig greitt, og det har vore kort byggjetid, seier John Kjell Lien, prosjektleiar for idrettshallen og kommunalsjef plan og teknikk i Fyresdal.

Det er søkt om ni millionar kroner i spelemidlar til hallen. Søknaden om spelemidlar er godkjent, så får ein vente og sjå til neste år om det kjem ei løyving.

Må ut: Til venstre ved det gule nybygget er det dør der hallbrukarane kan gå ut og bort til garderobane ved symjehallen like ved. Foto: Geir Ufs

Fyresdal idrettslag har løyvd 300 000 kroner til diverse utstyr og éin skiljevegg i hallen, medan kommunen har bidrege med 200 000 kroner til mellom anna éin skiljevegg, lydutstyr, ribbeveggar og skohyller.

Hallen er merka til fylgjande aktivitetar; éin handballbane, to volleyballbanar, éin badmintonbane, éin innebandybane og to basketballbanar.

Stor hall: Sjølve hallen er på 1126 kvadratmeter, og har ein stor port ved eitt hjørne. Foto: Geir Ufs