Sosialt: Tone Susanne Kvasjord og klubbgrunnleggar Olav Bjørnerud synest det å spele dart er sosialt og moro. Dei er glade for å ha eit bygg der aktiviteten kan halde til.

Olav visste at mange spelte heime – derfor starta han klubben som nå har medlem frå 7 til 60 år

Då Fyresdal kommune opna for at lag og andre kan bruke utryddingstruga Gardar gratis, fekk dartklubben i bygda ein plass å vere. Der møter mange store og små for å ha det moro og sosialt.

8. mars 2021 starta Olav Bjørnerud dartklubb i Fyresdal.

– Eg har alltid lika dart. Rundt 1995 spela eg dart på det som då var vertshus i Fyresdal sentrum, men det var ingen klubb på den tida, seier Bjørnerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før han starta dartklubben visste han at mange fyresdølar spela rundt i heimane. Bjørnerud ynskte ein klubb slik at spelet blei organisert der, få med barn på dart og når det er etablert ein klubb kan den søke om tilskot.

Gardar er på overtid

I Fyresdal har det i årevis vore diskusjon om kva som skal skje med bygget Gardar. Nokon vil rive det, medan andre kjempar for å la det stå. Liv Nærum (Ap) fekk i desembermøtet 2021 eit samrøystes kommunestyre med på framlegget sitt:

«Lokale lag, foreiningar og andre interessentar får nytte Gardar kostnadsfritt i ein prøveperiode på 12 månader. Driftsutgifter, stipulera til 96 000 kroner årleg, blir dekt av meirinntekter frå sal av konsesjonskraft frå datasenter. Etter avslutta prøveperiode evaluerer kommunestyret ordninga.»

Evalueringa har latt vente på seg. Sist desember kom Nærum med eit benkeforslag i kommunestyret som blei samrøystes vedteke:

«Ordninga med fri bruk av Gardar for lag og organisasjonar blir vidareført eitt år til.»

Forresten heiter klubben Bullseye, og dei som er med har eigne trøyer. Noko som elles er populært i dart, er å ha kallenamn på spelarane. Og då er det vel naturleg at Bjørnerud, grunnleggaren av klubben, har fått namnet Mr. Bullseye.

Engasjert og gira

Med rubbel og bit har klubben fått inn 60 000 kroner frå lokale sponsorar, kommunen og lokalbanken.

– Dette er viktige pengar, elles hadde me ikkje vore der me er nå, seier Bjørnerud.

Pengane har gått til oppussing der dei held til i Gardar (bygd i 1916), og til å kjøpe mellom anna dartskiver.

– Me hadde fire skiver, men interessa var så stor for å spele at me måtte utvide med éi til, seier Bjørnerud.

Klubben har 25 medlemer frå 7 til over 60 år. 7 av medlemene er barn og ungdom, resten vaksne. I lokalet er det turneringar, mellom anna for dei åtte damene som deltek. Blant dei er Tone Susanne Kvasjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då eg høyrde det var starta ein dartklubb blei eg engasjert og gira, og eg er nå med i styret. Det er veldig moro og sosialt i klubben, og er folk ikkje glad i andre aktivitetar kan dei vere med på dette lågterskeltilbodet, seier Kvasjord.

– Og folk må ikkje spele dart for å vere her, legg Bjørnerud til.

Håpar på fleire

Kvar onsdag og annankvar fredag er tilbodet ope, men dei som ynskjer det kan spele andre dagar også. Blant unge som er med i klubben er Bjørg Hilde Aune (16) og Gaute Bjørnerud (12).

Moro: Bjørg Hilde Aune (16) og Gaute Bjørnerud (12) er med på ein aktivitet som dei synest er morosam.

– Det verka interessant med dart, så eg blei med. Mor mi Siv Frøydis Hansen har spela dart i mange år, og er også med her. Det er moro og sosialt å spele, og det hadde vore spennande å delteke i turnering utanfor Fyresdal, seier Aune.

Men då må nok ferda gå til ein annan plass enn i Vest-Telemark, for der seier Bjørnerud at det er ingen andre dartklubbar.

– Me håpar å få med fleire frå Vest-Telemark, seier klubbleiaren.

Gaute Bjørnerud er med i klubben fordi han synest det er moro. Både for han og Aune går det bra i konkurransane som blir halde i Gardar.

Om det ikkje hadde vore for dette bygget, hadde ikkje dartklubben hatt ein stad å vere. Bjørnerud håpar på fleire ulike aktivitetar på Gardar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då får me større sjanse til å vere her. Er det folk her heile tida, er det vanskelegare å legge ned Gardar, seier Bjørnerud.