I TOPPEN: Olav Brennemo Eriksen kapra ein flott fjerdeplass i NM i skogsløp med skyting i Bodø.

Olav (15) kjempa om medalje

Olav Brennemo Eriksen måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen i noregsmeisterskapen i skogsløp med skyting. Kviteseid-utøvaren låg lenge på tredjeplass. Men det kom ein mot slutten og snytte Olav for bronsen.

Brennemo Eriksen som kjem frå Seljordshei, var fornøgd både med prestasjonen og fjerdeplassen. Men var ærleg på at han hadde vore meir tilfreds med pallplassering. Han låg på tredjeplass etter skytinga, og hadde slik sett eit veldig bra utgangspunkt. Olav som fyller 16 år til hausten, beheldt den plasseringa lenge. Men så kom ein av konkurrentane og passerte han.

– Eg gjekk vel på det dei kallar ein liten smell. Eg blei sliten og klarte ikkje å halde same tempo mot slutten som eg gjorde i starten, sa Olav som var ein del av eit gledeleg stort startfelt i NM i skogsløp med skyting.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var fleire ungdomsklasser som starta saman, og det var ikkje så lett å vite kven som leia. Det var heller ikkje lett for utøvarane å vite eksakt korleis dei låg an.

Lykkast ikkje med baneskytinga

Til alt overmål kollapsa data og tidtakarsystemet, og det førte til at arrangørane ikkje fekk opp noko resultatliste rett etter løpet. DFS (Det Frivillige Skyttervesen) ville bruke TV-bileta før dei utnemnde dei forskjellige medaljevinnarane i ei øving som ser ut til å bli meir og meir populær. Skogsløpet blei ein opptur for Olav som var misfornøgd med baneskytinga.

– Eg føler at eg hadde meir inne der. Det blei 245 poeng på den innleiande baneskytinga. Det er eit betydeleg dårlegare resultat enn eg har hatt på dei fleste lokale stemnene. Der har eg ofte vore oppe i 347-348 poeng inklusiv finaleomgangen. Men prestasjonane svingar gjerne litt, sa han som denne månaden begynner på vidaregåande i Bygland i Setesdal.

Der skal Olav gå på bygg- og anleggslina. I Setesdal er det gode jaktmoglegheiter, og jaktrettane var med i vurderinga da Brennemo Eriksen bestemte seg for å søke seg dit. Han har tenkt å fortsette med skytinga, og ser alt fram til Landsskyttarstemnet på Voss. Det er som han seier godt miljø innanfor skyttarsporten, og det er alltid ei oppleving å få med seg LS.