Odin (17) er den einaste lokale junioren i langrennsløypa denne sesongen. – Det meste har gått etter planen i vinter
Det er Odin Øyre Ålands forteneste at Vest-Telemark er representert når det blir arrangert noregscup og nasjonale renn på juniornivå i langrenn. 17-åringen frå Vinje er åleine frå Vest-Telemark i å konkurrere i juniorklassene.
Det trass i at det er fire årsklasser, og mange frå heile landet som deltar i noregscupen. Odin har mange å bryne seg på. Den framgangsrike løparen har likevel ambisjonar om å hevde seg. Det store målet i vinter er å kapre ein eller fleire topp 30-plasseringar. Øyre Åland håpar det skal vere mogeleg å klare det i Trondheim, den nest siste helga i februar, eller i juniornoregsmeisterskapen seinare i vinter, dersom han held seg frisk.
– Eg føler at eg er sterkare nå enn eg var på same tidspunkt i fjor. Det har samanheng med at eg er eitt år eldre, og har meir trening i kroppen, og ikkje minst har blitt sterkare og har betre uthald. Men det har nok også dei fleste konkurrentane. Så det blir spennande å sjå om eg har klart å nærme meg dei, seier Odin som vil få svar på det om nokre dagar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den målbevisste langrennsløparen skal etter planen vere ein del av startfeltet i Trondheim.
Får teste neste års VM-løyper
Fyrstkommande helg møtest landets beste 16-, 17-, 18-, 19- og 20-åringar i Trondheim, for å teste neste års VM-løyper i Granåsen, og samtidig kjempe om noregscuppoeng. Odin som går på skigymnaset på Hovden, er ein av dei som har lengst reiseveg. Den dedikerte utøvaren må tilbringe mange mil i bil før han er framme i trønderhovudstaden på onsdag. Torsdag skal Øyre Åland bruke til å teste ski og løyper. Han skal også få den lange reisa ut av kroppen.
– Eg både håpar og trur at eg skal vere nærmare dei beste nå, enn eg var i fjor på same tidspunkt. For eg har fått trent bra gjennom sommaren og hausten. Det meste har også gått etter planen i vinter. Ein sjukdomsperiode i starten av året spolerte den første noregscuphelga. Derfor blir det viktig å halde seg frisk framover. I så fall trur eg det skal vere mogeleg å prestere, seier Odin som gjorde eit val det siste året han gjekk på ungdomsskulen i Åmot og Vinje.
Nemleg at han skulle satse på langrenn. 15 år gamal, konkluderte han med at det i så fall kunne vere lurt å vende blikket mot Hovden, Setesdal og Agder. Det skulle vise seg å vere eit klokt val for ungguten som har hatt ein fin utviklingskurve etter at han flytta over fjellet og til Hovden.
Har funne seg godt til rette
– Eg har funne meg godt til rette både på skulen og i bygda. Det største plusset med å vere på skigymnasiast der, er det gode miljøet og at eg får moglegheita til å trene i skuletida. Eg har også tilgang på flinke trenere, og summen av det og det andre, gjer at alt ligg til rette for at eg skal ha mogelegheit for å fortsette utviklinga. Det er mykje opp til meg sjølv så lenge eg held meg frisk og får gjort den treningsjobben som må ligge i botn for å prestere.
– Kva er det som får deg til å satse så hardt på denne krevjande idretten?
– Eg likar å trene, og eg har lyst til å sjå kor langt det er mogeleg å kome. Eg er innstilt på å bruke nokre år på å finne ut av det. Det ligg an til at eg satsar så lenge eg har framgang. Det er lite som kan slå den kjensla det er at du lukkast etter mange treningstimar. Eg håpar at det i vinter skal vere mogeleg å kapre ein topp 30-plassering, og samtidig kjenne på den kjensla, seier Odin til lokalavisa.
Trenar nesten 700 timar i året
Det er halvtanna år sidan Odin i august 2022, sende flyttelasset over fjellet og til Hovden. Det med tanke på å kombinere langrennssatsing og vidare skulegang. Etter det fyrste året på skulen og juniornivå, blei han og trenaren einige om at dei skulle auke treningsdosane. Det inneber at Vinje-løparen nå trenar nærmare 700 timar i året. Han håpar at det skal betale seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Odin som har lært mykje om trening, har ikkje berre auka treningsdosane. Den dedikerte utøvaren er også opptatt av innhaldet, og at det skal vere mogeleg å få mest mogeleg ut av de treningstimane han legg ned.
Det handlar både om riktig intensitet, mengde og at han er flink til å restituere seg mellom øktene. Øyre Åland veit at det er fort gjort å gå på ein smell dersom han blir for ivrig. Derfor prøvar han å vere bevisst på dei signala som kroppen sender ut.
Det er langrenn, skule og kompisar det dreier seg om for han som fyller 18 år til sommaren. Han føler det er viktig å vere sosial mellom slaga, kople av å gjere andre ting enn skule og trening, i det som er ein travel kvardag.