Odin (16) sikra seg sine aller første noregscuppoeng
Odin Øyre Åland frå Vinje sikra på fredag seg sitt første noregscuppoeng i langrenn. To døgn seinare blei det fleire poeng på den same kontoen, som blei opna på Voss. Odin håper at den første topp 30-plasseringa kjem i junior-NM i Alta.
– Eg føler at eg har litt å gå på, og at det kan vere mogleg å gå seg inn i det sjiktet. Det var ikkje mange sekund opp til 30.-plass i dag då eg blei nummer 42. Det trass i at eg nok ikkje er i min aller beste form. Forhåpentlegvis så klarer eg å prikke inn toppforma til junior-NM i Alta. Det blir ei veke på Hovden nå, og så ventar vinterferie i Vinje før eg reiser nordover, seier Odin.
16-åringen som i august flytta til Hovden for å kombinere vidare utdanning og skisatsing har sett seg høge mål. Den langsiktige målsetninga er å bli ein av dei beste. Den unge juniorløparen er innstilt på å jobbe hardt for å klare det. Odin meiner det var eit rett val å sende flyttelasset til Setesdal, då han var ferdig på ungdomsskolen. For han er full av lovord om miljøet i Agder.
Artikkelen held fram under annonsen.
Betre treningskvardag
– Eg har fått ein mykje betre treningskvardag etter at eg blei skigymnasiast. Først og fremst i form av at eg har moglegheit til å trene i skoletida, og at eg har mange å trene saman med. Fleire av dei beste juniorane i landet har base på Hovden. Eg har også moglegheit for å trekke vekslar på gode trenarar. Eit pluss er det også at det er gode treningsfasilitetar, seier Vinje-løparen til VTB.
Odin debuterte i norgescupsammenheng på Lillehammer først på nyåret. Det gjekk helt greitt i OL-byen. Øyre Åland hadde forhåpningar om at han skulle klare å toppe dei resultata på Voss i helga, då han og dei andre skigymnasiastane forlét Hovden og sette kursen for Hordaland. Det klarte tenåringen som blei nummer 50 på sprinten og 51 i distanserennet i skøyting.
God til å stake i stor fart
– Det var litt kjedeleg at eg berre var fattige fire tidelar unna noregscuppoeng der, seier han som oppnådde si beste plassering i nasjonal samanheng på sundag. Det mest gledelege var at det berre var minuttet opp til vinnaren. Odin hadde blitt nummer 16 dersom han hadde gått halvminuttet raskare. Det er sekund det er fullt mogleg å ta dersom han finn toppforma.
– Eg liker best klassisk-løyper der det er mykje staking i stor fart. I skøyting gjer eg gjerne mine beste løp når det er mykje opp og ned. Kort og godt trasear der det er store fartsvekslingar. Tidsmessig så er eg nærmare teten nå enn eg var i Hovudlandsrennet for eitt år sidan. Det er forhåpentlegvis ein indikasjon på at utviklingskurven peiker rett veg, seier Øyre Åland.