Tevla att: Herman Hogstad Sveinsson og Emma Hagen var to av Seljord-utøvarane som deltok på friidrettsstemne i Porsgrunn onsdag kveld.

Ny personleg rekord for Emma

Endeleg fekk tre av friidrettsutøvarane i Seljord delta på stemne att. Turen gjekk til Porsgrunn onsdag kveld.

– Urædd arrangerte stemne på Kjølnes stadion i Porsgrunn. Herman Hogstad Sveinsson, Emma Hagen og Saamund Bakkemoen fekk vere med, sjølv med koronarestriksjonar på maks 50 deltakarar inne på stadion, melder Seljord IL friidrett på Facebook-sida si.

Dei melder vidare at Herman sprang 100-meter på 11.42 sekund. Prestasjonen gjev 1047 Tyrving-poeng, og tida er fem hundredelar under krinsrekorden for 16-åringar. Det var dessverre litt for mykje vind onsdag kveld til at tida er godkjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saamund hoppa høgde og sprang 60-meter på tida 10,17 sekund. Eit veldig bra resultat for 10-åringar.

Emma sette ny personleg rekord på 200-meter med tida 28,02, og oppnådde gode 8,48 på 60-meter.

– Alt ligg rett i underkant av 1000 Tyrving-poeng, som er indikatoren for godt nasjonalt nivå, melder klubben.