No er sesongen slutt for Ingrid, men ho er topp motivert før neste sesong

Ingrid Stigen Byggland har hatt ein travel haustsesong med fleire gode resultat.

I slutten av august var det junior-NM i Sandnes. Stigen Byggland konkurrerte på 100 meter og 200 meter i klasse U20. På 100 meter kom ho til semifinale og vart nummer 23 totalt. I forsøket var ho kun to hundredelar bak eigen pers.

Ho kom til semifinale på 200 meter og. Her fekk ho ein flott 13.plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dyrskuhelga deltok ho på UM i Bergen. Også her konkurrerte ho på 100 meter og 200 meter i klasse 18–20 år.

På 100 meter kom ho seg heilt til finalen og vart nummer 8 berre 24 hundredelar bak bronsemedaljen. Ho fekk same tid som nr. 7, men plassert bak på fotofinish. I finalen var ho berre 1/100 bak pers.

På 200 meter var ho ikkje heilt heldig og kom ikkje vidare til finalen. Ein arrangørtabbe i starten øydela truleg sjansane. Ho fekk høve til å springe på ny av juryen, men ein ny 200 meter kort tid etter hadde ikkje beina lyst på. Totalt sett vart ho nummer 13.

Sist helg var det fylkesmeisterskap (KM) for Vestfold og Telemark. Ingrid prøvde seg på 400 meter for fyrste gong i år. Forventningane var ikkje så store på førehand sidan ho ikkje har trena på distansen. Ho fekk til eit kontrollert og godt disponert løp i kamp med tre andre jenter. Ho kom fyrst til mål, kan kalle seg fylkesmeister og sette ny personleg rekord med 2,3 sekund.

No er det slutt på sesongen hennar, og snart startar førebuingane til neste sesong. Ho er siste års elev ved friidrettslinja TTG i Skien og topp motivert for neste sesong, melder Høydalsmo IL i ei pressemelding.