Lene Lauve (bak) nærmar seg opprykk til Toppserien saman med dei andre kvinnene på Fart. Frå venstreMina Kjørum, Natalie Granvang Nilsen, Lene Bredesen og Maren Kristine Andersen.
Lene Lauve (bak) nærmar seg opprykk til Toppserien saman med dei andre kvinnene på Fart. Frå venstreMina Kjørum, Natalie Granvang Nilsen, Lene Bredesen og Maren Kristine Andersen.

No er ho eitt steg nærmare Toppserien

Lene Lauve (30) og resten av kvinnene i Fart slo Grei 1–0 i Oslo i dag.

Vegen tilbake frå krystallsjuken gjekk særs greitt for Kviteseid-jenta, som i dag stod som ein bauta på bortebane mot andreplassen på tabellen – Oslo-laget Grei.  

Med Mina Kjørum si scoring i det 53. minutt vann Fart 1–0, og dermed er dei eitt steg nærmare opprykk til Toppserien neste år. No står det berre att ein kamp. Den finn stad neste laurdag, og blir spela mot botnlaget Bossekop. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me styrte 2. omgang og kunne fort hatt fleire mål. Eg hadde eit par redningar òg, så det var moro, seier Lauve etter at sigersrusen har lagt seg litt laurdag. 

Les også: Lene er tilbake frå krystallsjuken – og klar for opprykk