Vest-Telemark leikane: Frå venstre Runar Skaug Mathisen, Åshild Lofthus, Kaisa Vale, Julie Noraberg Nilsen, Magnus Krog, Torgeir Lid Byggland, Ånund Lid Bygglang, Marie Veslestaul og Eivind Arne Bjaaland.

Ni idrettsutøvarar tevlar i åtte lokalt forankra øvingar

Torsdag er det premiere på Vest-Telemark-leikane på VTB-TV.

Me har samla ni idrettsutøvarar – både aktive, lovande og dei som ein gong i tida sette sitt preg på resultatlister i inn- og utland – til ei uhøgtidleg tevling. I Vest-Telemark-leikane tevlar utøvarane både individuelt og på lag i åtte lokalt forankra øvingar. Museet i Eidsborg er kulissane når deltakarane jaktar heider, ære og trofé.

Fyrste episode blir lagt ut på vtb.no torsdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei ni utøvarane er:

Runar Skaug Mathisen, langløp

Langløpar: Runar Skaug Mathisen

«Bjønnen frå Kostveit» har dei siste åra satsa på langløp. Han kallar alle skirenn som er kortare enn tre mil for sprint. Har mål om å etablere seg blant dei ti beste i verda i Visma Ski Classics. Sist sesong var høgdepunktet 14.-plass i det prestisjetunge Marcialonga (70 kilometer) i Italia.

Kaisa Vale, fotball

Keeper: Kaisa Vale

14-åringen frå Åmot er den yngste deltakaren i Vest-Telemark-leikane. Blant dei mest lovande målvaktene i landet og med i prosjekt i regi av fotballforbundet. Det sikrar henne regelmessig oppfylging frå topptrenarar. I fjor var ho med på talentleiren i Porsgrunn. Kaisa spelar også på krinslaget, i tillegg til fleire aldersbestemte lag i Vinje – både jente- og gutelag. Ho trenar også med Snøgg-damene på Notodden.

Magnus Krog, kombinert

Kombinertløpar: Magnus Krog

33-åringen frå Høydalsmo slo gjennom internasjonalt då han vann verdscupopninga i Finland i 2011. I 2014 blei han olympisk meister med lagkameratane i lagkonkurransen i Sotsji. Han tok også bronse i den eine individuelle konkurransen i meisterskapen. Har elles blitt norsk meister i kombinert. Satsar denne sesongen mot VM i Oberstdorf.

Julie Noraberg Nilsen, kule og diskos

Friidrett: Julie Noraberg Nilsen

Friidrettsutøvaren frå Seljord konkurrerer både i kule og diskos. I fjor haust flytta ho til USA for å satse vidare, men ho kom heim til Seljord då koronaen kom for fullt. Denne sesongen har ho stadig forbetra sine bestenoteringar på friidrettsarenaen. I august tok ho sølv i U23-NM i diskos.

Torgeir Lid Byggland, langrenn

Sprint-langrenn: Torgeir Lid Byggland

Høysekken blei junior-noregsmeister både som 17- og 18-åring i sprint og blei sett på som eit stort talent. Han la opp alt som 21-åring. Sidan då har han skåra nokre mål for Kviteseid i 7. divisjon og er i dag snikkarlærling i Høydalsmo.

Marie Veslestaul, ultratriathlon

Ultratriatlet: Marie Veslestaul.

Vanleg triatlon er ikkje nok for den spreke geitebonden frå Øyfjell. Marie blei den fyrste norske kvinna som gjennomførte ein trippel triatlon. I 2018 blei ho verdsmeister etter 39 timar og 29 minuttar etter 12 kilometer i vatnet, 540 kilometer på sykkelen og 120 kilometer med springing. Neste år skal ho symje 3,8 mil, sykle 180 mil og springe 42 mil. Planen er å gjera det på under 220 timar (altså litt over ni døgn...).

Eivind Arne Bjaaland, skiskyting

Skiskyttar: Eivind Arne Bjaaland

Fyresdølen var den mest lovande skiskyttaren i landet og blei noregsmeister for junior heile fire gonger. Han tok også medalje i junior-VM. Blei alvorleg skadd, men har jobba seg tilbake. I dag er han trenar i Team Veidekke og legg gjerne treningssamlingane lokalt der han inviterer unge lokale vesttelar med på samlingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åshild Lofthus, snøbrett

Snøbrettpioner: Åshild Lofthus

Snøbrettpioneren frå Åmot. Er tidenes mestvinnande snøbrettkøyrar i Noreg med 14 EM- og VM-medaljar. Deltok mellom anna i det som i VTB då blei omtala som «halvrør-renn», i dag betre kjent som halfpipe. Køyrde for både Burton og Uvyrdslåmi snobrettlag.

Ånund Lid Byggland, langrenn

Langrennsløpar: Ånund Lid Byggland

Høysekken tok NM-sølv i sprint blant seniorane i 2013 på Gåsbu. I yngre år blei han junior-noregsmeister i 2007, og han representerte Noreg to gonger i junior-VM der fjerdeplass var best. Debuterte i verdscupen i langrenn i 2011. Har nå lagt opp, men er aktiv i skimiljøet.

Tre finaleplassar

Alle deltakarane skal tevle i fem innleiande rundar. Tre lagkonkurransar, med roterande lag à tre deltakarar, og to individuelle. I lagkonkurransane er det fem poeng til vinnarlaget, tre til laget som kjem på andreplass, medan tredjeplassen må klare seg med eitt. I dei individuelle øvingane tek vinnaren med seg ti poeng, andreplassen åtte og så vidare ned til eitt for niandeplassen.

Dei tre med flest poeng etter fem innleiande runder, kvalifiserer seg for finalerundane. Der skal tre bli til to i løpet av to semifinalar, før vinnaren blir kåra i den avsluttande øvinga.