trenar Mikkel Vadder, Svein Moen (Intersport Seljord), Morten Olav Dyrud (Dyrud elektro), Ingerid Vadder, Hans Olav Omtveit (Seljord rekneskapsservice), Gunhild Kvålseth, Svein Tveiten (Morgedal Rør) og Torbjørn Moen (Seljord Radio og TV).
trenar Mikkel Vadder, Svein Moen (Intersport Seljord), Morten Olav Dyrud (Dyrud elektro), Ingerid Vadder, Hans Olav Omtveit (Seljord rekneskapsservice), Gunhild Kvålseth, Svein Tveiten (Morgedal Rør) og Torbjørn Moen (Seljord Radio og TV).

Næringslivet støttar Ingerid og Gunhild

Nabojentene frå Ordal, Ingerid Vadder (15) og Gunhild Kvålseth (16), satsar båe på ski. Nå har ei gruppe frå næringslivet i Seljord støtta satsinga til jentene.

Kviteseid/Seljord

– Det er veldig moro å sponse ungdommane, og vere med å bidra til vekst og aktivitet hos dei som har potensial, seier Svein Tveiten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han og fleire aktørar frå næringslivet i Seljord har gått saman om økonomisk støtte for å hjelpe Ordals-jentene vidare.

– De har tatt steget og det er moro å vere med å bidra til at dei kan teste potensialet i elitenivå. Men me set ingen krav eller forventningar om resultat, men me vil støtte opp for å gje dykk ein betre sjanse til å satse, seier Tveiten til jentene.

– Me er svært takksame for at næringslivet støttar skisporten, det set me stor pris på, seier jentene og trenar Mikkel Vadder.

På skigymnas

Heilt sidan Ingerid og Gunhild berre var nokre år gamle har dei trena saman. Heimane deira ligg eit steinkast frå kvarandre, og jentene har fylgd kvarandre gjennom heile oppveksten.

I haust starta Gunhild ved Hovden skigymnas, medan Ingerid måtte bli att i heimbygda for å gå siste året på ungdomsskulen i Kviteseid.

– Toppidrettssatsinga på Hovden er himla bra og moro, og me har mellom anna Roar Hjelmeset (tidlegare verdsmeister) som lærar, fortel Gunhild.

– Det var rart å ikkje kunne trene saman kvar dag. Nå møtest me i helgene, trenar, kranglar og diskuterer, ler dei to jentene som er veldig gode vener.

Trenar mykje

Jentene fortel at det blir mykje trening – gjerne kvar dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trenar om lag 500 timar i året, fortel Ingerid, og legg til at det blir både ski og fotball for henne denne vinteren sidan ho har sikra seg ein plass på krinslaget i fotball også.

– Eg trenar nok 550 timar, seier Gunhild.

– Det er ikkje viljen det står på for desse jentene, skyt Mikkel Vadder inn, og seier at han heller må bremse iveren etter å trene enn å pushe dei.

– Dei har vanvitig gode haldningar og er svært strukturerte i alt dei gjer, rosar han.

Gunhild startar noregscupen i januar, og Ingerid skal på hovudlandsrennet i februar.

– Eg trenar for å bli betre, og kjenner eg har strekt meg. Noregscup-poeng må eg klare sjølv om det er mange som satsar og nivået er høgt, smiler Gunhild.

Ingerid har mål om ei god plassering i hovudlandsrennet, noko ho har stor tru på etter ein ekstremt god sesong i fjor.

tone.tveit@vtb.no