GODE PRESTASJONAR: Petter Lindskog henta fram toppnivået sitt både på stafetten og i distanserennet i Hovudlandsrennet.

Nå har Petter (15) fullt fokus på éin idrett. I helga imponerte han i Hovudlandsrennet

Petter Lindskog gjekk fort og hamla opp med om lag 200 jamgamle då han blei nummer 22 i Hovudlandsrennet. I august flyttar han truleg over fjellet, og begynner på skigymnaset på Hovden.

– Hovden er det beste og nærmaste alternativet dersom eg skal halde fram med langrenn. Eg har lyst til å starte der, og for å ha moglegheit til å fortsette utviklinga, så er eg nøydd til å oppsøke eit større miljø. Derfor er eg innstilt på å flytte på hybel om eit lite halvår. Men det vil ikkje vere langt heim dersom eg gjer det, seier Petter som i mange år har kombinert langrenn og skiskyting.

Det siste året har det blitt meir og meir langrenn på Rein-løparen som fyller 16 år i november. Han har lagt vekk skiskyttargeværet, for å ha fullt fokus på langrennssporten. Petter opplever at det er litt enklare så lenge han kan ha fullt fokus på berre éin idrett. Som langrennsløpar slepp han også å bruke energi på skyttarbiten, som er viktig for alle som har lyst til å bli gode i skiskyting.

Artikkelen held fram under annonsen.

To gode prestasjonar

Petter Lindskog har heilt sidan han starta oppkøyringa til denne sesongen, hatt Hovudlandsrennet i tankane. Den uoffisielle noregsmeisterskapen for 15- og 16-åringar samlar dei fleste som driv med langrenn på dette alderstrinnet til to renn ein gong i året. Kapasitetssterke Petter gjorde det bra både i distanserennet og på stafetten der han gjekk for krinsens førstelag.

– Eg er veldig tilfreds med at eg disponerte såpass bra som eg gjorde på stafetten, sa Lindskog etter at han hadde femte beste etappetid på stafetten.

Den største prestasjonen sto han nok for då det blei 22. plass på 7,5 kilometer skøyting. Han var 1 minutt og 46 sekundar bak Håkon Samnøy Skjeldal frå Voss som vann 16-årsklassa. Meir enn 200 deltakarar fullførte rennet.

Det var første gongen Lindskog gjekk så langt i konkurransesamanheng, og det var svært tøffe vêr og smøreforhold under rennet.

Sterk vind og snøvêr

Det var ikkje sjølve distansen som var mest utfordrande på 7,5-kilometeren. Heller ikkje dei krevjande løypene. Men dei barske vêrforholda på nesten 1000-meters høgde på Gålå. Det bles nesten i alle retningar, og Petter og dei nærmare 900 deltakarane sleit med å få framdrift.

Lindskog skal ha med seg nokre fleire renn før han avsluttar sesongen. Mellom anna Kong Haralds Ugdomsstafett i Holmenkollen og Haukelirennet i april.

– Eg har som oftast vore på Liatoppen på skiskyting same helga som Haukelirennet går. Ettersom eg nå har gitt meg med skiskyting, så får eg moglegheit til å konkurrere på heimebane denne gongen, seier Petter.