Satsar: Johannes Lønnestad Flaaten har bytta klubb til Seljord idrettslag før den fyrste sesongen som senior. Han har med seg lokalt næringsliv på laget. Bak frå venstre: Mogens Iversen (Aasmundsens bakeri), Svein Tveiten (Morgedal Rør), Espen Dyrud (Dyrud elektro), Hans Olav Omtveit (Seljord Rekneskapsservice) og Roar Johansen (Alf Johansen). Vidar Tveiten var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Nå er Johannes (20) senior og satsar i «heimklubben». I ryggen har han lokale støttespelarar

Gjengen som står bak Johannes Lønnestad Flaaten har alt kryssa av i kalenderen for VM i Trondheim 2025, OL i Cortina i 2026 og VM i Falun i 2027.

– Me stiller som heiagjeng!

Stemninga er munter når Johannes Lønnestad Flaaten møter støttespelarane sine i Seljord. Mogens Iversen, Svein Tveiten, Espen Dyrud, Hans Olav Omtveit og Roar Johansen er, saman med Vidar Tveiten, dei lokale støttespelarane som skal gjera det mogleg for den lovande langrennsløparen å satse. Gjennom sesongen bidreg dei samla med meir enn 100 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fleste har vore bidragsytarar også tidlegare for talentet som i fjorårssesongen blei juniorverdsmeister på sprinten på Lygna. Men nå er det litt meir spesielt. Flaaten har bytta ut Morgedal IL med Seljord IL før sin fyrste sesong som senior. Det gjer næringslivsrepresentantane ekstra stolte.

– Det er klart det er motiverande for ungdomane i Seljord å sjå at ein kan bli verdsmeister om ein kjem herfrå også, seier Hans Olav Omtveit om Flaaten som eit forbilde.

Seljord IL har mange lovande idrettsutøvarar, spesielt i friidrett og skiskyting. Nå har dei også ein langrennsløpar – som har vist seg som ein av dei beste i verda i si aldersklasse.

– Det er positiv reklame for bygda, meiner Roar Johansen.

– Seljord IL har nok ikkje hatt nokon på dette nivået, legg Svein Tveiten til.

– Eg set utruleg stor pris på støtta. Den betyr mykje for satsinga mi, seier Lønnestad Flaaten.

Han varslar at han alt på fredag vil ha ei rulleskiøkt med unge løparar i idrettslaget.

Lønnestad Flaaten representerte Moss skiklubb i barne- og ungdomsåra. Då familien flytta til Seljord og han byrja på skigymnaset på Hovden, bytta han klubb. Dei siste fire åra har han representert Morgedal IL. Der var han klubbkamerat med Ingerid Vadder og Gunhild Kvålseth. Båe jentene har nå trappa ned. Til VTB seier han at det nå var naturleg å bytte til Seljord idrettslag. Det er her han bur når han er «heime», sjølv om han til dagleg har Lillehammer som base.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når eg skal ha ei økt med dei unge i klubben er det naturleg at eg også er ein del av klubben. Det er Seljord som er mitt lokalmiljø, seier Lønnestad Flaaten.

Fjorårssesongen blei eit lite eventyr som toppa seg med gullmedaljen i VM. Han fekk også testa seg mot eliten då han blei tatt ut til verdscuprennet i sprint i Drammen.

– Det var ein hardt møte, seier han med eit smil.

Han var 1,8 sekund frå å gå vidare frå prologen i Drammen og innser at det er eit stykke opp. Men han har likevel delmåla klare. Denne sesongen håpar han å få gå U23-VM i Canada i slutten av januar.

– Eg må nok prøve å prikke forma for å få gode resultat i enkeltrenn, seier Lønnestad Flaaten om planen for sesongen. Han legg til at det ikkje er aktuelt å satse berre på sprint, sjølv om det er der han har hatt dei beste resultata. Han vil vera ein allrounder.

Lønnestad Flaaten er ein beskjeden 20-åring, men blir likevel lokka til å fortelje litt om det han drøymer om. VM i Trondheim er berre tre år unna og han innrømmer at det ville vore stort å få gå meisterskap på heimebane. Året etter er det OL i Italia, og deretter VM i Sverige. Kanskje med det ultimate oppløpet mot svenske Edvin Anger. Dei duellerte i sprintfinalen i junior-VM i vinter. Då fall svensken før spurten. Stemninga var ikkje heilt på topp i den svenske leiren etter løpet, sjølv om seljordingen blei «frikjent».

– Eg spurtslår gjerne svensken på oppløpet i Falun i 2027 – for å setje eit punktum, seier Flaaten med eit smil.

Men før den tid er det mykje hardt arbeid som står att. Sesongen opnar på Beitostølen i slutten av november.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Johannes tok gull! – Eg må takke mamma, pappa og broren min, og trenarane og alle andre som trur på meg.
Les også
Johannes (20) legg grunnlaget for sin fyrste sesong som senior. – Eg er klar for ny motstand
Les også
Johannes får støtte av fylket til å satse vidare. Han har ein idé om kva han skal bruke dei på
Les også
Johannes var med og tok stafett-sølv i VM
Les også
Johannes (19) er på Aftenpostens liste over Noregs ti største langrennstalent
Les også
Johannes fekk tips av Johannes