Natalie Indine Hansen, 7 år, Elina Månsson, 9 år, Magnar Syrtveit, 9 år og Micael Saga Lundevall, 12 år, fekk pokal for innsatsen i symjestemnet.
Natalie Indine Hansen, 7 år, Elina Månsson, 9 år, Magnar Syrtveit, 9 år og Micael Saga Lundevall, 12 år, fekk pokal for innsatsen i symjestemnet.

Modige livreddarar tevla i bassenget

Dei fem symjarane frå Vest-Telemark sette personlege rekordar då dei deltok på livredningsstemne på Rælingen tidlegare denne månaden.

Til vanleg har Ingrid Syrtveit (13), Micael Saga Lundevall (12), Magnar Syrtveit (9), Elina Månsson (9) og Natalie Indine Hansen (7) symjetrening saman i bassenget i Seljord, men når dei tevlar representerer dei alle Grenland Livredning og svømmeklubb. Klubben held kurs og symjetrening både i Seljord, Morgedal, Treungen i tillegg til fleire andre stader i Telemark.

Tidlegare i november tok dei fem symjarane, som kjem frå Kviteseid og Seljord, turen til Sandbekken som ligg under Romerrike krins for å vere med på livredningskonkurranse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle dei fem symjarane stilte i tre øvingar kvar.

Ingrid deltek i klassa yngre junior og sumde 50 meter redning av dukke med symjeføter, i tillegg stilte ho til start saman med Alexander frå Lågen symjeklubb i Linethrow og deltok saman med tre andre frå Lågen symjeklubb i stafett 4×50 meter hinder.

I klassa Nippers stilte vesttelane med eitt lag i medleystafett, to lag i bøyestafett og fire stykk deltok på individuell 50 meter redning av ring.

Alle deltakarane samla.
Alle deltakarane samla.

Alle fekk dei beste tidene dei så langt har fått i symjekarrieren, melder klubben som er strålande fornøgd med dei flinke utøvarane.

Symjarane frå Vest-Telemark har høve til å delta i ein konkurranse om våren og ein om hausten førebels, i tillegg til NM.

Grenland livredning- og svømmeklubb melder om auka interesse for livredningskonkurransar – noko dei meiner er svært gledeleg.

tone.tveit@vtb.no