Fotballmoro: Fotball skal vere både leik og moro. Nå vil NFF prøve å rekruttere dei aller yngste jentene gjennom prosjektet UEFA PlayMakers. Dette bildet er frå fotballskulen i Vrådal i 2018.

Med hjelp av Disney håpar Seljord IL å få fleire jenter med på fotball

Seljord IL blir ein del av eit unikt fotballprosjekt for å få fleire jenter på banen.

NFF (Noregs Fotballforbund), UEFA (Union of European Football Associations) og medie- og underhaldningskonsernet Disney rullar i desse dagar ut eit unikt fotballprosjekt for unge jenter. Prosjektet har fått namnet UEFA PlayMakers og har som mål å auke fotballrekrutteringa av jenter i alderen fem til åtte år. Ein av pilotklubbane som er valt ut er Seljord IL.

– Me er utruleg glade for å få Seljord IL med på laget, seier NFFs prosjektkoordinator, Linn Stølan Herfoss til VTB. Ho fortel vidare at i tillegg til Seljord, er telemarksklubbane Snøgg, Drangedal, Skarphedin, Tollnes og Hei med i prøveprosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle klubbane samlast i Bø i slutten av mars der me skal legge fram litt strategi og tankar rundt dette. Deretter køyrer me i gang.

Fotball og film

– Mange vil kanskje stusse over kombinasjonen fotball og Disney, kva går eigentleg dette ut på?

– Først og fremst er målet å få fleire jenter til å bli med på organisert fotball. Gjennom leik og historieforteljing håpar me å skape fleire sterke og sjølvstendige fotballjenter frå ung alder. Og det er nettopp rundt historieforteljinga Disney kjem inn i bildet, fortel Herfoss.

– Fleire av dei kvinnelege Disney-karakterane har sterke eigenskapar og personlegdomar. Men dei møter ofte motgang og må jobbe for å nå draumane sine. Me håpar programmet vil føre til at jentene utviklar fotballferdigheter, livsmeistring og ikkje minst fellesskap, seier ho.

Sju pilotnasjonar

Noreg er altså éin av sju nasjonar som er med i prosjektet. Telemark, Agder, Vestfold og Oslo er plukka ut som pilotkrinsar. Ifølge UEFA er målet å doble talet på fotballspelande jenter i løpet av dei neste fire åra. NFFs elitedirektør, Lise Klaveness, er glad for at UEFA og Disney har slått seg saman for å finne ei strategisk løysing på utfordringane rundt det å engasjere og inkludere dei aller yngste jentene i fotballen.

– Fotball er Noregs og verdas mest populære idrett for jenter. Likevel veit me at barnefotballen trekker til seg flest gutar og at mange jenter i 6-7-årsalderen føler seg litt sett til side og kanskje ikkje er heilt på heimebane ved inngangen til fotballmiljøa. Dette prosjektet håpar me kan bidra til ei endring i positiv retning, seier Klaveness til fotball.no

Kjempespennande

– Dette blir eit kjempespennande prosjekt og eg gler meg stort til det kjem i gang, seier Seljord ILs hovudansvarleg for satsinga, Oda Jonskås Bekhus, til VTB. Ho vil saman med Heidi Skaret Myrvang vere trenaransvarleg.

– Me har eit 8-årslag i dag, men ingen tilbod for dei som er yngre enn det. Så nå håpar me på at så mange som mogleg av dei yngste jentene i bygda blir med. Me tar utgangspunkt i dei som skal starte i fyrsteklasse, men vil òg ha med dei som alt går i fyrsteklasse nå, seier Bekhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har trua

Leiar i Telemark fotballkrins, Terje Kili, opphavleg frå Grungedal, ser òg fram til at prosjektet skal kome i gang.

– Det er viktig å få dei aller yngste jentene inn i fotballen på ein god måte. Her er det sjølvsagt leik og moro som det blir lagt mest vekt på, men samstundes vil dei yngste oppleve meistringsføling, kameratskap og fellesskap. Det er eit godt utgangspunkt i ei tidleg fotballkarriere, meiner Kili.

Prosjektet varer i fyrste omgang i eitt år, men UEFA og Disney har underteikna ei 4-årsavtale, så det er god grunn til å tru at satsinga vil fortsette i ei eller anna form dei neste åra.

Gler seg: Prosjektkoordinator i NFF, Linn Stølan Herfoss, gler seg til at prosjektet kjem i gang.
Har trua: Det skal bli spennande å sjå korleis prosjektet slår ut på rekrutteringa av unge fotballjenter, seier leiar i Telemark Fotballkrins, Terje Kili.
Sentral: Oda Jonskås Bekhus i Seljord IL gler seg til å ta fatt på UEFA-prosjektet.