Marie imponerte igjen: Nest beste kvinne i sin 10. ultratriatlon
11,4 kilometer symjing, 540 kilometer sykling og 126,6 kilometer springing. Det var helga til Marie Veslestaul frå Øyfjell. Med tida 43:54:05 vart ho nest beste kvinne i VM i trippel Ironman.
Då Veslestaul kom over målstreken i årets VM i Trippel ultra triatlon var det hennar tiande ultratriatlon, og hennar femte trippel. Det er heller ikkje fyrste gong ho leverer knallsterkt, og i fjor sommar vann ho Dobbel Ultra Triatlon etter 27 timar med symjing, sykling og springing.
Veslestaul fortel til VTB at ho nå har sove litt etter konkurransen, og nå tenker at det var ein veldig bra konkurranse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg klarte ikkje å treffe heilt på oppladinga, og det kan vere litt «kjåleg» når det er snakk om VM. Eg har sjølvsagt kjent meg både tøffare og sterkare i andre konkurransar, men samstundes har eg nok rutine til å gjere jobben som krevst, og for ei god tid i mål, utdjupar Veslestaul.
Ho bruka rett i underkant av 44 timar på løpet som gjekk i helga i Lensahn i Tyskland. Det var totalt ni kvinner som fullførte løpet, og vinnaren var Eva Huerlimann frå Sveits som kom i mål på tida 38:18:34.
Berre gnagsår og ømme musklar
– Kroppen må vere sterk, for sjølv om eg kjenner at eg kan undervegs er det berre litt gnagsår og ømme musklar. Og med tanke på distansen skulle det berre mangle!
– Det er faktisk munnen som plagar meg mest. Det er mykje næring som skal til for å halde det gåande. Mykje næringstett mat saman med sure oppstøyt og gulping blir tunga og munnen skikkeleg sår, fortel ho.
Veslestaul fortel at ho i løpet opplevde eit nytt nivå av trøyttleik på slutten av springe-distansen.
– At det er mogleg å sovne gåande er ikkje ofte eg har opplevd. Det kan ha samanheng med litt lite næring. Eller det kan hende at det er naturleg å vere trøytt etter over 40 timar utan søvn, legg ho til.
I kvardagen er Veslestaul geitebonde heime i Øyfjell, men ho har ingen planar om å legge dei ekstreme styrke og uthaldenheitsløpa på hylla.
– På siste runde, når eg berre kan kjenne på lykka over å ha meistra distansen endå ein gong, er all vondt og mental jobbing gløymd. Eg veit jo at den kjensla – den kjem eg til å ynskje å jakte igjen og igjen!
Artikkelen held fram under annonsen.