Åmot stisenter: 300 meter av sykkelstien er allereie ferdig, inkludert ei lengre strekning i tre.

– Mange ungdom er flinke på sykkel, men heng rundt på parkeringsplassar utan å ha nokon stad å vere

Ein ny sykkelsti kryp opp gjennom skogen frå Groven Camping i Åmot. Nesten halvparten av den 800 meter lange løypa er ferdig.

Det er to år sidan fleire sykkelinteresserte fedre i Åmot begynte å snakke om å få til ei sykkelløype. Groven Camping stilte grunn til disposisjon, dei fekk 50 000 kroner frå formannskapspotten, og ein spleis sytte for kring 50 000 kroner til. Fulle av dugnadsvilje sette dei i gang.

– Me hogg og rydda kvist, merka løypa, og tenkte på å kjøpe oss ei gravemaskin, fortel Rune Aarhus, som er ein av sykkelentusiastane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me skjøna etter kvart at det ikkje er så enkelt å bygge noko slikt på dugnad.

Runene & co: Rune Sudbø og Rune Aarhus er to av pådrivarane bak sykkelstien i Åmot, men mange fleire har vore involvert. – Åsmund Hylland, Eirik Holte Hylland, Lars Teigen, Magnus Barstad og Ole Gunnar Lie må i alle fall nemnast, seier dei to runene.

Idrettslaget opna lommeboka

Prosjektet stoppa opp og stod stille i lang tid, men interessa var stadig stor både i sykkelgruppa og frå campingen. Så la idrettslaget 300 000 kroner på bordet, spelemiddelsøknad vart levert, og dermed kunne dei hente inn profesjonelle sykkelstibyggarar.

Ny giv: Ingrid S. Tveito er leiar i idrettslaget i Åmot, som la 300 000 kroner i potten og dermed sytte for at prosjektet kom i gang att. Bak henne går Dag Erik Lie og Rune Aarhus.

Dei er i full gang med ei løype som snirklar seg gjennom doserte svingar og på ein treveg over det våtaste partiet. Anlegget er ikkje klart for sykling enno, men til fots går det fint, så me vandrar inn blant furutrea.

Framleis anleggsområde: Håpet var at sykkelstien kunne opne til haustferien, men det er mogleg dette tidsskjemaet sprekk. – Men det opnar i alle fall i løpet av hausten, og så tek me ei offisiell opning til våren, seier sykkelfedrene.
Blir portal: No startar løypa mellom to renovasjonscontainarar, men det vil koma ein portal her, seier Rune Aarhus (t.v.). Vidare på biletet er Rune Sudbø, Anne S. Tveito, Kristine Tveito, Ådne Bekkhuskroken, Eivind S. Tveito og Ingrid S. Tveito. Ungane har syklar med, men enn så lenge må dei setjast att utanfor løypa.

Sykkelstiar har vanskegrad etter ein liknande skala som i skibakkar og klatresenter, der grøn er lettast og svart vanskelegast.

– Dette er blå vanskegrad, så då kan me dra på litt meir. Så blir dei ikkje så fort leie av løypa, smiler Aarhus og peikar på korleis stibyggarane utnyttar terrenget for å lage ei spanande løype. Både han og dei andre pådrivarane har stor tru på verdien av eit slikt anlegg.

– Generelt er det mange som higar etter aktivitetstilbod på kveldstid. Og dette vert gratis, påpeikar Rune Sudbø.

– Me treng tilbod i bygda, nikkar Dag Erik Lie.

– Og me ser jo mange ungdom som er flinke på sykkel, men som heng rundt på parkeringsplassar utan å ha nokon stad å vere, seier Aarhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utnyttar terrenget: Her kan dei viltraste forsere steinen, men det går også sti ved sidan av. Småbarnsfar Jostein Dale Nevestveit gler seg til løypa vert klar – enn så lenge nyttar han den halvferdige traseen til ein fottur med sonen.

Veslebror til Reinsparken

Dette er ikkje det einaste sykkelprosjektet i Vinje for tida. Også i Edland er kommunen i full gang med sykkelanlegget Reinsparken.

– Den er i ei heilt anna prisklasse, seier Sudbø, som også er rektor på Edland skule, rett ved Reinsparken.

Denne har eit budsjett på over 10 millionar kroner og ein kommunalt tilsett som held i trådane, i tillegg til solid innsats frå dugnadskrefter i bygda. I Edland vert det i tillegg til stiar og hoppliner også asfalterte pumptracks.

Hopplinedraum: Rune Sudbø viser kor hopplina er tenkt. Sykkelgruppa har fått overskottsmasse frå tidlegare annleggsarbeid lagt her, slik at ein allereie ser omrisset av to haugar. Dette er øvst i sykkelstien, som startar frå Groven Camping. Bak trea ser ein autovernet til fylkesveg 37.

I Åmot stisenter er det dugnadskrefter som held i trådane, og budsjettet er på 2,3 millionar kroner. Dette er medrekna dugnadsinnsatsen, som utgjer kring 260 000 kroner.

– Prosjektet i Åmot stisenter er todelt, forklarar Aarhus.

Stidelen vil bli ferdig i haust takka vere garantien frå idrettslaget. Men ved toppen av løypa drøymer dei også om ei hoppline.

– Ei hoppline hadde gjeve ungdommen noko ekstra å utfordre seg på. Eventuelt spreke mødre, ler Aarhus, som tvilar på at han sjølv vil kaste seg utfor hoppa.

Men dette har dei ikkje pengar til for augeblinken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har inne ein søknad hos DNB Sparebankstiftinga, og me søkjer kommunen om prosjektmidlar, forklarar sykkelfedrene, som også har andre, meir kreative idear til finansiering.

– Kanskje lokalt næringsliv vil sponse ein sving eller ein topp? I denne svingen her kjem sikkert mange til å køyre ut – den kunne jo til dømes heitt «Vinje Bilberging-svingen».

Mogleg sponsorobjekt: Rune Sudbø ser på medan Eivind S. Tveito og Ådne Bekkhuskroken testar korleis det er å springe gjennom den skarpe svingen.