Lovande: Kaisa Vale frå Vinje er tatt ut til NFF-prosjektet «Morgendagens enere».

Målvakttalentet Kaisa (14) er ein av morgondagens einarar

Kaisa Vale frå Åmot er ei av åtte J15-målvakter i prosjektet «Morgendagens enere». Prosjektet til NFF (Noregs Fotballforbund) skal sikre henne regelmessig oppfølging til ho er 22 år.

Det er ei målbevisst og glad fotballjente som møter VTB for å snakke om uttaket. Ho håpar det ikkje vert for seriøst, men at det vert artig.

– Fotball må også i framtida vera like artig som det er i dag, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre til fire samlingar i året

NFF-prosjektet inneheld nokon samlingar i året for talenta som er tatt ut. På samlingane blir det eigenvurdering (sterke/svake sider), trening, litt om kva som krevst på dette nivået, samtale om mål og vegen vidare. Talenta får topp trenarar – mellom andre den gamle landslagskeeperen Frode Grodås. På samlingane blir det også tid til sosialt samvære med dei andre deltakarane.

– Eg gler meg alltid til å reise på samling. Det er moro å treffe andre med same interesse og mål. Det sosiale er viktig. Me finn alltid på noko anna å gjere enn fotball når me har tid til det, seier Kaisa.

At Vale har ambisjonar kjem klart fram. I dag trenar ho 6–7 gonger i veka og er med på både J17- og G16-laget til Vinje IL.

Ho har store førebilete ho ser opp til, som Lyon-spelaren Ada Hegerberg og Liverpool-keeper Alisson Becker. Målet og draumen er plass på seniorlandslaget. Men det er lang veg dit.

– Akkurat no er eg oppteken av å ha det moro, og så får me sjå kor langt eg kan kome. Drivkrafta i åra framover blir kor langt eg kan drive det. Det er der spenning ligg for meg, seier Vale.

Sterk kvinne mot kvinne.

Når Vest-Telemark blad spør om sterke og svake sider blir ho meir usikker.

– Eg er vel ikkje så god i feltarbeidet, seier ho.

– Den største styrken er nok når eg kjem ut mot ein spelar som er på veg gjennom forsvaret. Altså i duell kvinne mot kvinne, held ho fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

På krinslaget til Telemark har det i alle fall gått bra. I dei omgangane ho har stått har ho ikkje slept inn eitt einaste mål. Men det er fyrst og fremst innsatsen på Equinors talentleir dei to siste åra som har gjort at ho, som ein av få i landet, har kome gjennom nålauget til «Morgendagens enere».

Vegen vidare for Vale er ganske klar. Når ho begynnar på vidaregåande så vil ho anten til Oslo eller Skien på eit idrettsgymnas eller toppidrettsgymnas. Då kan ho kombinere fotball og utdanning og finne ein klubb med eit bra nivå.

Ho innrømmer at ho har tevlingsinstinkt. Når ho tapar blir ho stille ei god stund før ho mjukar opp att. Elles skryter ho av trenarane ho har hatt på krinslaget, blant desse den tidlegare landslagsspelaren Trine Rønning.

– Kvifor ville du bli keeper?

– Ei redning frå meg kan avgjere ein kamp. Det er moro å kunne ha så stor innverknad på spelet. Elles synest eg det er artig å kunne vere litt sjef bak der og styre laget, og kome med konstruktive meldingar til medspelarane mine under kampen.

Les også
Med hjelp av Disney håpar Seljord IL å få fleire jenter med på fotball
Les også
Kaisa trenar med dei beste i landet
Les også
Kaisa (13) frå Vinje er tatt ut til talentsamling
Les også
Kaisa skal spele draumekamp