Magnus Krog (t.h.) og Jørgen Graabak på ein sjølvi frå arkivet.
Magnus Krog (t.h.) og Jørgen Graabak på ein sjølvi frå arkivet.

Magnus Krog tok sylv i NM

NM del 2 i kombinert gjekk av stabelen i Holmenkollen i dag. Høydalsmos eigen Magnus Krog sikra seg ein solid andreplass bak Jørgen Graabak.

– Det var fine forhold i løypa og god stemning, seier Magnus Krog i eit videointervju på Kombinertlandslaget sine facebooksider. Han snakkar om langrennssporet, der han var best. 

På telefon etter premieutdelinga er Krog glad for å ha prestert så godt på slutten av sesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I hoppbakken gjekk det også bra, men samanlagt hamna han på ein andreplass. Lagkamerat Jørgen Graabak stakk av med gullet.  

– Eg hoppa eigentleg ganske bra, og var bare 1,3 poeng bak sylv. Hadde eg hoppa ein meter lenger så hadde eg vunne, men slik er det. 

Han fortel at han hadde trua i behald før dagens konkurranse. 

– Eg har kjent meg grei i det siste, men eg har ikkje trent så mykje, og det er alltid litt tungt mentalt å lade opp til den siste konkurransen i sesongen, seier Krog. 

Vil helst halde fram

– Er du motivert for neste sesong no?

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det eigentleg, men eg har mest lyst til å halde fram. Så får me sjå korleis opplegget blir og om eg er med på landslaget. Det er mange faktorar som spelar inn. Men eg er motivert, det er eg. 

NM held fram laurdag, då det er klart for teamsprint med kretsvise lag. For Krog sin del vil det ikkje vera mogleg å plassere, sidan han er den einaste løparen frå Telemark og Vestfold skikrins. Han skal difor gå på mixed-lag med Sindre Ure Søtvik frå Voss. 

– Me er eit bra lag, men me får ikkje noko offisiell plassering sidan me ikkje er frå same krins. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det rett i seng no?

– Ja, no skal eg legge meg og prøve å ha litt krutt til i morgon. Me får heller feire at sesongen offisielt er ferdig i morgon kveld med bankett. 

Sundag reiser Krog heim til familien i Høydalsmo. 

– Eg gler meg kjempemykje til å kome heim og vera med familien, det er lenge sidan sist. No skal eg ha to veker heime, seier Krog fornøgd.