Ny rolle: Magnus Krog blir rennleiar i ski-VM i 2025. Her frå VM i Falun i 2015.

Magnus blir med i VM på heimebane i ny rolle

Blir rennleiar for kombinert i VM i Trondheim i 2025.

Interessa for leiarverva i sportsorganisasjonen til ski-VM 2025 har vore stor. Meir enn 30 personar blei intervjua, og nå er rennleiarane for meisterskapen klare, melder VM på ski i Trondheim på sine heimesider.

Magnus Krog frå Høydalsmo fekk aldri oppleve ski-VM på heimebane i Trondheim, der han i alle år har budd som aktiv utøvar. Nå er han plukka ut til å leie planlegginga av kombinertøvingane i meisterskapen. Krog har lang erfaring som kombinertutøvar og har fleire meisterskapsmedaljar frå både VM og OL.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har sakna idretten og ser nå fram til å oppleve kombinert frå arrangementsida. Me blir ein bra gjeng og eg gler meg til å bidra til å skape ein skikkeleg folkefest i Trondheim, seier Krog, som la opp etter 2021-sesongen.

– Det blir veldig spennande å arrangere konkurransane. Det er det som er artigast med idretten. Det er mykje førebuingar, som bygger seg opp mot ein finale, seier han til organisasjonen si heimeside.

Daniel Myrmæl Helgestad og Hroar Stjernen er renneleiarar for høvesvis langrenn og hopp.

– Målet er å bruke VM til å bygge arrangementskompetanse for framtida i Trøndelag. Det er eit junior-VM i Granåsen i 2026, og det er planlagt mange verdscuprenn både i langrenn, kombinert og hopp i tida framover, seier Stemland.

Her kan du lese bloggen frå då VTB tok turen for å fylgje Magnus Krog i ski-VM i Falun i 2015.