I mål: Malin Finsådal Strand flytta til Treungen for to veker sidan. Ho er nytilsett ergoterapeut i Nissedal kommune og sprang ti kilometer saman med fysioterapeuten i kommunen Monica Samuelsen.

Løpet langs Nisser vart suksess. – Håpar løpet kan inspirere til å bruke den vakre naturen vår til mosjon og helsekjelde

Laurdag arrangerte Treungen Idrettslag terrengløpet «Telemarks vakraste». Over førti personar i alle aldrar gjennomførte løpet langs Nisser.

– Moro at over halvparten av deltakarane i år var lokale, og at det var ein del unge med, fortel ein av arrangørane, Herdis Gautefald.

43 personar i alle aldrar deltok, og det var alt frå mosjonistar til drivne idrettsfolk som stilte til start. Løparane kunne velje mellom fem og ti kilometer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrste løp etter at ho vart mamma: Kristine Valle (t.v.) har sprunge mange løp dei siste åra, men dette var det fyrste etter at ho vart mamma til vesle Ask for 3,5 månad sidan. Mamma og bestemor Edel Valle var med som heiagjeng og barnevakt. Bestefar Vidar Valle stilte også til start.

Initiativtakarane, som også er fysioterapeutar, fortel at dei håpar arrangementet kan inspirere til å bruke den vakre naturen til mosjon og helsekjelde.

Raskaste treunge: Hans Inge Hagen var nokre minuttar bak vinnaren av 10-kilometeren, men han vann det lokale oppgjeret og vart den raskaste frå Treungen.

– Eitt av ønska med «Telemarks vakraste» er å løfte fram den vakre Nisserstien langs innsjøen Nisser, og inspirere til aktivitet ute i det fri. Det er også moro at det skjer noko og blir litt liv i sentrum i den vakre hagen bak Turine sommarbutikk, fortel Gautefald.

Ho melder at arrangementet gjekk knirkefritt og at ein god dugnadsgjeng frå idrettslaget sørgde for dette. Det vart sjølvsagt også delt ut premiar, NM-pokal, altså Nissedalsmeister, til beste tid på både fem og ti kilometer for både kvinne og mann.

– Det vart veldig gode tider i år! 27.40 på fem kilometer og 45.47 på ti. Gratulerer til vinnarane, melder Gautefald.

Etter løpet arrangerte ungdomslaget Vårsol konsert på Solborg med lokale Rune Sanden med band.

Oppvarming er viktig: Kim André Aarak varmar opp til løpet. Her saman med veslebror Sondre Nordbø Aarak og Hild Riseth Fjone.