Fart-keeper Lene Lauve frå Kviteseid.
Fart-keeper Lene Lauve frå Kviteseid.

Lene er tilbake frå krystallsjuken – og klar for opprykk

Fart-keeper Lene Lauve (30) frå Kviteseid blei slått ut av krystallsjuken 13. oktober. I morgon er ho klar for ein viktig kamp som kan sikre opprykk til toppserien.

Laurdag klokka 13.00 stiller Lene Lauve til start for Fart mot Grei på bortebane. For eit par veker sidan var ho sikker på at ho kom til å miste resten av sesongen, då ho før kampstart laurdag 13. oktober blei ramma av krystallsjuken. Heldigvis har ho kome seg på beina att. 

– Eg var veldig spent på om eg blei klar, men med god hjelp frå kiropraktikk og rehabilitering så fekk dei meg i god stand att, seier Lauve. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blei gjort ein manøver som heiter Dix Hallpike, som skal vera ein veg ut av svimmelheita. Det fungerte, fortel ho. 

Håpar på opprykk

Denne veka har ho trent kvar dag utan problem, og då var avgjerda til trenarane lett å ta. Det er Lauve veldig fornøgd med. 

– Eg er så sjukt klar. Det blir ein veldig spennande kamp, og det er betre å reise dit i angrepsposisjon enn i forsvarsposisjon.

Viss Fart vinn i morgon, og i siste kamp mot Bossekop på heimebane 3. november, så blir det direkte opprykk til Toppserien. Dette blir i så fall ein retur dit for Lauve, som har spela for både Urædd og LSK tidlegare. I januar gjekk Lauve til Fart, der ho fekk langt meir speletid enn i LSK. 

– No kan det jo hende at eg får oppleve toppserien att, med meir speletid. Det er veldig moro når ein legg ned så mykje arbeid i dette. Det er dette eg elskar, seier Lauve.