For gøy: Laget melde seg på for gøy og kalla seg Kvitsund Consumers 5000. – Lagdraktene med pølsemønster fann me vi på Biltema, seier Vegge med eit smil.

Kvitsund-lag i Noregs største volleyballturnering. – Eg hadde aldri trudd me skulle kome til finalen

2800 tilskodarar fylgde volleyballfinalen på ungdomsfestival i Stokke i Vestfold.

Get Focused er ein av Noregs største ungdomsfestivalar og samlar kristeleg ungdom frå heile landet. Det deltok om lag 30 elevar frå Kvitsund på festivalen som er kjend for konsertar, innsamling til eit rettferdsprosjekt og den storslagne volleyballturneringa.

Dette året slo dei rekorden, og volleyballfinalen blei den kampen i sitt slag i landet med flest tilskodarar nokon sinne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andreas Vegge (18) var kaptein på Kvitsund-laget som deltok.

– Eg hadde aldri trudd at me skulle kome til finalen, seier han og innrømmer at dei meldte seg på berre for gøy.

God lagånd

– Det som var avgjerande for at me gjorde det så bra var nok lagånda og samhaldet me hadde på laget, i tillegg til ein stor heiagjeng med både noverande og tidlegare Kvitsund-elevar, familiemedlemmar og andre kjenningar.

Det blei ikkje finalesiger. Kvitsund tapa mot laget Serve the Lord, samansett av spelarar frå Tønsberg og Kristiansand.

I turneringa deltok rundt 650 spelarar fordelt på 73 lag fortel Remi Kleppan, festivalsjef for Get Focused.

– Det er utruleg gøy å få bringe idrettsglede til så mange unge menneske, seier han.

Andreas Vegge syntest det var utruleg morosamt å spele i Noregs største volleyball-finale. Han har deltatt på andre store turneringar, men trur at dette var det største kampen han vil kome til å spele i sitt liv.

– Det var utruleg stort då me gjekk på banen, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenar: Andreas Vegge (18) går i vg3 på Kvitsund og byrja fyrst å spele volleyball då han byrja på Kvitsund. No er han volleyballtrenar på idrettslaget på skulen.
VTB informerer

Journalisten er elev på Kvitsund gymnas.