annonse

Kviteseid J16 nummer fire i Telemarksmeisterskapen

Kviteseid J16
Kviteseid J16: Thea Cecilie Neverdalen (Framme t.v.), Ingerid Vadder og Silje Stykket. Åshild Tveiten (Bak t.v.) , Anja Due, Ida Strigen og Karianne Midtsund Stykket. (Foto: Privat)

Kviteseid sine jenter 16 år kom laurdag til semifinalen i Telemarksmeisterskapen i 5 A’side fotball i Langesund.

Tone Tveit

Langesund/Kviteseid

Denne helga vart Telemark-meisterskapen i fotball for lag i alderen 13 til 19 år halde i Skjærgårdshallen i Langesund. Om lag 200 innleiande- og 50 sluttspelkampar har blitt gjennomført.

Av dei totalt 128 laga som har delteke er mellom anna 16-åringane frå Kviteseid.

Laurdag kjempa dei om å bli det beste jenter-16-laget i 5 A’side.

Spennande kampar

Kviteseid-jentene gjekk etter eitt tap og fleire sigrar vidare til semifinalespel laurdag.

I semifinalen møtte Kviteseid fjorårets vinnar, Stathelle, som blei for sterke og kampen enda 8–2. Meisterskapen var over for vesttelane, men fjerdeplassen i meisterskapen vart likevel feira med pizza og brus etter kampen.

Det var Fossum som viste at dei var best, då dei slo Stathelle 4–3 i finalen.

Stolt trenar takkar av

Marianne Nordjore, som no gjev seg som trenar for jentene, er kjempestolt over lagets prestasjon.

– Det blir vemodig å gje seg som trenar for denne flotte og positive gjengen. Jentene har gjeve meg mykje dei åra eg har trena dei, og det var fint å avslutte sesongen med tur til Langesund der jentene viste super innsats og vart fjerdebeste av dei 13 laga som var med, seier Nordjore rørt og stolt.

tone.tveit@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse