Krog tok bronse i NM

Magnus Krog tapa spurten om sølvet, men sikra bronsemedalje i NM i kombinert på Beitostølen sundag.

31-åringen frå Høydalsmo gjekk ut som nummer 14 i langrennet. Han fekk god drahjelp av Magnus Moan i jakta på løparar framom seg. Dei kjempar båe om to ledige plassar til verdscupopninga i Ruka til helga. 

Mot slutten av løpet var det fire løparar som kjempa om dei to siste medaljane: Krog, Moan, Jan Schmid og Jørgen Graabak. Graabak fall like før mål, men kom seg opp att til dei tre andre, og i den siste bakken fekk Krog og Graabak ei luke til dei to andre. Vesttelen klarte aldri heilt å utfordre trøndaren i kampen om sølvet og sklei i mål til bronsemedalje, og sikra med det truleg plass på laget til verdscupopninga. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Jarl Magnus Riiber blei, som på laurdag, suveren norsk meister i kombinert. Han passera målstreken vel 50 sekundar føre Graabak og Krog. 

Laurdag blei Magnus Krog nummer 13. Utgangspunktet etter hopprennet var vanskeleg, men høysekken viste at langrennsforma var god. Det var berre Magnus Moan som gjekk raskare på 5 kilometeren.