Tilbake: Magnus Krog gjorde comeback i konkurranse i helga.

Krog tilbake i verdscupen: – Hadde nok kjempa om pallplass med normal langrennsform

Magnus Krog gjennomførte sesongen to fyrste verdscuprenn utan å sette sitt preg på resultatlistene i Val di Fiemme.

Nakkeskaden han pådrog seg i eit fall i NM-hopprennet i Falun i slutten av november har spolert sesongen fram til nå for kombinertløparen frå Høydalsmo. Men fredag kunne han endeleg ta på seg startnummeret i verdscupen. Han blei til slutt nummer 22 i sesongdebuten etter å ha vore nummer 20 etter hopprennet. Resultatlista viste at skaden har også sett han ein del tilbake i langrennsløypa, og Krog, som normalt er blant verdas beste kombinertlangrennsløparar, hadde berre den 30. beste tida i sporet.

Laurdag var det ny konkurranse i Italia. Då blei Krog nummer 23. Han var på 21.-plass etter hopprennet, og hadde 23. beste langrennstid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ganske fornøgd med prestasjonane i bakken. Det er godt å sjå at eg heng bra med der. Det at det var tungt i løypa var som venta. Litt meir trening så blir dette bra, oppsummerer Krog.

– Eg hadde nok vore med å kjempa om pallplass på laurdag med normal langrennsform, legg han til.

Tyske Vinzenz Geiger vann laurdagens renn, medan verdscupleiar Jarl Magnus Riiber vann sundag.

32-åringen var ikkje blant dei fire norske utøvarane som gjekk for Noreg 1 og Noreg 2 i lagkonkurransen sundag.