annonse

Krog håpar at NM skal gje sjølvtillit og verdscupplass

I rute
I rute: Magnus Krog ser fram til at han for fyrste gong på tre år skal vera med på sesongopninga i kombinert når NM blir arrangert denne veka. Arkiv (Foto: Øystein Øygarden)

Magnus Krog veit at han må prestere i NM denne veka om han skal få reise til verdscupopninga i Finland neste helg.

Øystein Øygarden

– Ja, hei. Det er frå Vest-Telemark blad. Har du tid til ein prat?

– Eg er ute og spring, men er i så god form at det går bra.

Magnus Krog er i godt humør når VTB treffer han på telefon. 31-åringen frå Høydalsmo har fått gjort det han skulle i haust og føler seg klar når sesongen startar alt denne veka. Torsdag er det hopping i Midtstua i Oslo, og både laurdag og sundag skal det delast ut NM-medaljar på Beitostølen.

Kjempar om to plassar

For Magnus Krog som har måtte stått over sesongopninga dei to siste åra, betyr årets fyrste konkurranse mykje. Jan Schmid, Jarl Magnus Riiber, Espen Andersen og Jørgen Graabak var dei klart beste nordmennene i fjorårssesongen og er trygge på tur til Ruka i Finland i verdscupopninga. Krog er blant dei som kjempar om dei to siste plassane.

– Me er mange som kjempar om dei to plassane. Hospitantane som har vore med i haust viser at dei held eit så høgt nivå at dei kan kjempe om pallplassar i verdscupen, seier Krog.

Solide testar

Han håpar renna på Beitostølen skal gje han ytterlegare sjølvtillit mot sesongen der VM i Seefeld i Austerrike er det store målet. For Krog har sjølvtillit etter ein lovande haust. Det er lenge sidan han har følt seg betre på denne tida av året. Og det er ikkje berre kjensla som er god. Det er også testane. Dei fysiske testane, både teknikk og spenst, viser at han er i rute på hoppinga. Og då han testa langrenssforma sette han ny personleg rekord.

– Det er lenge sidan eg har persa, seier 31-åringen.

Testane han tok viste kor stor fart han kan gå i utan å bli stiv. Han ser på resultata som ein stadfesting på at han er i rute til sesongstart.

Tung sesong i fjor

Fjorårssesongen var tøff for Magnus Krog. Sjukdom heldt han borte frå konkurransar fram til nyåret. Han klarte ikkje kome i form til OL, men fekk bli med som reserve. Oppturen kom mot slutten av sesongen. Då blei han nummer fire på heimebane i Trondheim. Han innrømte i eit intervju med VTB i sommar at motgangen gjorde at han byrja å tenke på kva han skal drive med når karrieren er over.

– Eg driv med dette fordi det er moro, og ynskjer berre å få kombinert artig att, uttala Krog då.

oystein.oygarden@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse