OPPLEVING: Kristine Reinsviki syntest det var ei oppleving å debutere i Hovedlandsrennet i langrenn.

Kristine og Ingebjørg debuterte i massemønstringa. – Det gjekk heldigvis bra

Det er få i Telemark på Kristine Reinsviki og Ingebjørg Kilis alderstrinn som satsar på langrenn. Det var derfor spesielt for Edland-jentene å få delta i Hovudlandsrennet.

– Dette var eit mykje større arrangement enn det eg hadde sett for meg. Eg synest det var kjekt at det var så mange konkurrentar og deltakarar. Motiverande er det også at me i desse renna får stifte kjennskap med løparar og klubber som me ikkje har høyrt om tidlegare, sa Kristine etter at ho hadde gjort seg ferdig med Hovudlandsrennet-debuten.

Ho får støtte av Ingebjørg, som reiste saman med klubbvenninna og sambygdingen Petter Lindskog til Gålå i Vinstra-traktene.

Artikkelen held fram under annonsen.

De to niandeklassingane var både spente og forventningsfulle då dei sette kursen nordover på onsdag. Først og fremst på korleis det ville bli å få et tresifra tal konkurrentar. Vêr- og føreforholda skapte også litt bekymring hos dei som skulle konkurrere, og ikkje minst blant dei som hadde ansvaret for å finne den rette blandinga under skia. Det var alt anna enn lett på Gålå.

Kristine blei nummer 112, medan Ingebjørg gjekk inn til 128. plass. Maria Sæther Verdenius frå Tolga IL vann 15-årsklassa.

Ser alt fram til neste år

– Eg var veldig nervøs føre Hovudlandsrennet-debuten. Det gjekk heldigvis bra, sa Kristine som går det nest siste året på ungdomsskulen. Ho er med på langrenn fordi det er artig. Reinsviki og Kili deltar på vekentlege fellestreningar, og dei legg også inn nokre økter på eiga hand. Pluss at dei stiller til start i mange renn i vinterhalvåret. Kristine fekk også gå stafett for Telemark og Vestfold. Det var ei ny og spennande oppleving.

FØRSTEREIS: Ingebjørg Kili synest det er moro med langrenn, og har tenkt å fortsette med det framover.

Det var dessverre ikkje nok løparar til at Ingebjørg fekk gå stafett denne gongen. Forhåpentlegvis byr det seg ein moglegheit til det neste år. Begge er innstilte på å fortsette med langrenn, og i så fall kan det bli Hovudlandsrennet-deltaking også til neste år. Rein-jentene trekkjer fram både opplevinga det var å få vere ein del av et stort startfelt, og ikkje minst det sosiale som dei vil hugse best frå sitt første hovudlandsrenn i langrenn.

Stilte med tre deltakarar

– Det er mange år sidan Rein har hatt tre deltakarar i eit og same hovudlandsrenn i langrenn. Eg kan ikkje hugse sist me mønstra tre i denne massemønstringa. Med tanke på at me er ein liten klubb, og det ikkje bur så mange i Edland og Haukeli, synest eg det er bra at me klarer det. Spesielt når vi ser kor få deltakarar det er totalt frå Vest-Telemark og gamle Telemark skikrins, sa Tommy Lindskog, som er sentral i det lokale idrettslaget i bygda.