Måtte stå over: Eivind Gaastjønn måtte setje sesongopnigna på vent då han fekk korona – og trenings- og konkurranseforbod.
Arne Brunes
Korona øydela Eivinds (22) møte med fleire av dei beste i verda
Eivind Gaastjønn skulle denne helga debutert internasjonalt på seniornivå. Diverre sette koronaen han pådrog seg under treningssamling i Sverige ein stoppar for det.
– Det er sjølvsagt leitt at det vart slik, spesielt sidan eg hadde gleda meg til å konkurrere mot fleire av dei beste skiskyttarane i verda. Men når eg først var uheldig og vart sjuk, er det betre at eg fekk denne pausen no enn seinare i sesongen. Likevel skulle eg svært gjerne hatt moglegheita til å måle krefter på seniornivået. Eg har konkurrert på Sjusjøen før, men det var som junior. No har eg teke steget opp i seniorklassen, seier Eivind.
Skiskyttaren frå Dalen er noko så sjeldant som ein vesttele med ambisjonar om å kjempe mot dei beste seniorløparane på sikt. Gaastjønn, som representerer Fyresdal, har hatt mange gode resultat som junior. Likevel var det ikkje sjølvsagt at 22-åringen ville satse vidare etter siste rennet som junior. Etter ei periode med nøye vurderingar bestemte han seg for å halde fram.
På samling i Sverige
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP