Knallstart: Jørgen Solberg (t.h.) og kartlesar Stig Granheim har levert to tredjeplassar på like mange NM-rally, og ligg på andreplass i samandraget.

Klatra opp på andreplass i NM-samandraget: – Eg har aldri vore med på liknande. Eg synest synd på bilen

Jørgen Solberg og kartlesar Stig Granheim skulle eigentleg berre sjå an forma då dei tok 3. plassen i Rally Sigdal. No håpar nissedølen på sponsorhjelp slik at dei kan fullføre sesongen.

Solberg fortel at dei stilte i Rally Sigdal, sesongopninga, for å sjå an nivået. Det gjekk over alle forventningar.

– Me køyrde inn til 3. plass. Då var det berre å stille i Rally Hadeland også – der blei det endå ein 3. plass, fortel Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så måtte samanlagtleiaren bryte, så no ligg me pinade på 2. plass i samandraget, held han fram.

Siste fartsprøva i Rally Hadeland vart av det meir spektakulære slaget.

– Eg har aldri vore med på noko liknande. Folk gjekk i vegen, men det gjekk heldigvis bra. Eg har også aldri vore så høgt i lufta, og synest heilt synd på bilen i landinga, som har lagt ut video av fartsprøva på Facebook-sida si.

Ny innfallsvinkel

Etter to pallplassar på like mange moglegheiter freistar det naturleg nok å vera med gjennom heile sesongen. Men for å få til det treng Solberg sponsorhjelp.

– Eg jobbar alt eg kan for å finne sponsorar. Det kan vanskeleg når ein er i 50-åra å finne viljuge sponsorar, så me prøvar ein ny innfallsvinkel, der me har fokus på at ein kan ha det morosamt og vera med sjølv om ein bikkar 50, fortel Solberg.

Sponsorjakt: Solberg fortel han jobbar alt han kan for å få nok sponsorar til å køyre heile sesongen.

Han trur det blir tøft å halde på 2.-plassen i samandraget.

– Me køyrer for å ha det morosamt. Bilen er for gamal til å vera med og kjempe heilt i toppen, seier Solberg, før han legg til:

– Men dei framom kan også gjera feil. Å klare pallplass i NM hadde vore utruleg morosamt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste løp for Solberg blir Rally Numedal 2. mars.

Rally Vest-Telemark

NM-pallplass er ikkje det einast Solberg karakteriserer som utruleg morosamt – det hadde også ein NM-runde i Vest-Telemark vore.

– Eg har så trua på å få til ei NM-runde med utgangspunkt i Vrådal og Kviteseid, seier han. Det skal eg få til, seier han.

– Det er vanskeleg, ein treng mykje logistikk og folk, men Rally Vest-Telemark hadde vore utruleg artig. Og betre reklame skal ein leite lenge etter, held han fram.

Neste utgåve av Rally Treungen, som Solberg er primus motor for og som sist gjekk føre seg i 2023, kjem truleg i 2025. Men sjølv om det ikkje er oppført nokre rally i det verkelege Vest-Telemark i år, kan ein framleis teste køyreeigenskapane på svingete skogsvegar i regionen – i den virtuelle verda.

Bomtur: I spelet EA Sports WRC kan ein teste køyreferdigheitene på skogsvegar i Fyresdal. Bladfyken kom seg til slutt til mål i retning Verpe, etter ein bomtur i retning Borggrend.

Eitt av rallya i videospelet EA Sports WRC, Rally Scandia, er oppført som fiktivt i spelet, men namnet på alle etappane er høgst verkelege stader – alle i Fyresdal.

– Det er utruleg kult, seier Solberg, som anbefaler at ein har ratt og pedal-oppsett når ein gyv laus på dei svingete, snødekte skogsvegane i det virtuelle Fyresdal.

Etappeliste Rally Scandia

1. Holtjønn – 30,9 km

2. Hengeltjønn – 31,8 km

3. Fyresvatn – 17,1 km

4. Russvatn – 16,8 km

5. Tovsli – 13.75 km

6. Kottjønn – 6,7 km

7. Fardal – 5,4 km

8. Fyresdal – 5,4 km

9. Ljosdalstjønn – 9,4 km

10. Dagtrolltjønn – 9,3 km

11. Tovslitjønn – 7,5 km

12. Bergstøyltjønn – 7,3 km

Kjelde: EA Sports WRC