Full fart: Neste helg brakar det laus på flystripa i Fyresdal. Jan Erik N. Klausen (t.v.) og Lars Inge Lauvdal i Fyresdal motorsportklubb er klare til å ta imot landets raskaste køyretøy.

Klare for fartsfylt NM på flystripa – sykkelen til arrangør Jan Erik har sprengstoff på tanken

9. - 10. juli trekker folk frå heile Sør- og Midt-Noreg til flystripa i Fyresdal for å delta på NM i dragrace. Ein av drivkreftene bak er Jan Erik N. Klausen, som sjølv har sett ein rekord og to. På snøskuter på asfalt.

Nå er det tre år sidan Fyresdal Drag Weekend blei arrangert sist. 9. - 10. juli brakar det laus att. I 1978 var eit liknande arrangement i Fyresdal opphavet til norsk dragrace. Då håpa arrangørane at det kom 1 500 tilskodarar. Talet besøkande skal ha blitt 25 000.

– Det var heilt tomt for mat. Tilreisande folk slo opp telt i hagane til fyresdølane og arrangørane selde vatnet pølsene var kokt i som buljong, seier Jan Erik Norheim Klausen, som er med å arrangere Fyresdal Drag Weekend.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klare til å ta imot storinnrykk

– Er de førebudd for slikt trykk i år?

– Eg tvilar på at det kjem så mange i år, men me er førebudde på å ta imot ein del tilreisande, ler Klausen.

Ved dei siste arrangementa har det bruka å vera 2 000 - 3 000 tilskodarar, og mellom 100 og 150 team som køyrer.

– Den som køyrer er avhengig å ha eit team rundt seg. Når eg deltek på dragrace må eg ha ein til to personar med meg kvar gong. Eg får ikkje starta sykkelen eingong utan hjelp, seier Klausen.

Nitormetan: Jan Erik viser motorsykkelen som har i underkant av 1 000 hestekrefter. Den gjer 0 - 100 km/t på eit sekund og 0 - 300 kmt/t på fem sekund. Den går på nitrometan. Når Jan Erik er på banen med denne er det med ei bombe under magen og 15 kilo sprengstoff under rumpa. - Eg tenker på tryggleiken og køryer med skotsikker vest, seier han.

Han køyrer top fuel super twin, ei klasse der motorsykkelen har to sylindrar og går på nitrometan.

– Nitrometan kvalifiserer som sprengstoff, så her må det sertifiserte folk med, røper den fartsglade fyresdølen.

Folkefest med raske køyretøy

– Korleis er tryggleiken på eit slikt høgeksplosivt arrangement?

– Fyresdal brannkorps stiller på arrangementet. Sjølv meiner eg me har den beste brannsikringa på bane i Noreg, seier Klausen, som sjølv har vore nært vitne til ei frykteleg ulykke ved eit tidlegare arrangement.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan Klausen er teknisk ansvarleg for alle motorsyklane under Fyresdal Drag Weekend kan han ikkje delta på noregsmeisterskapen sjølv. Han fortel om lovande påmelding så langt med 80 påmelde team to dagar før fristen for å melde seg på går ut. Mange brukar å melde seg på i siste lita.

– Det blir folkefest i bygda denne helga med livemusikk på Teisner mathus på laurdag, matservering på banen og racecamp for overnattingsgjester. Sistnemnde er det lokale Hugljufur islandshestforening som står for. Rundt 300 frivillige er i sving under arrangementet og ungdomsskuleelevar som skal til Polen vil jobbe der for å finansiere turen sin, seier Klausen.

Etter jul har eldsjelene i arrangementskomiteen hatt møter annankvar onsdag for å førebu Fyresdal Drag Weekend.

– Me ønsker velkomen til ein folkefest der Noregs raskaste køyretøy kjem til Fyresdal, seier Klausen.

Snøskuter på asfalt

Store augo: Funksjonærane på Gardermoen gjorde store augo då dei såg Jan Erik på denne på asfaltbanen i 2001. - Eg er reddare på denne enn på motorsykkelen med sprengstoff. Den er vanskeleg å køyre, spesielt ved oppbremsing, seier han.

Sjølv har Klausen halde på med dragrace i 23 år, med eit par naturlege avbrot.

– Det er mykje mogleg eg er den einaste her til lands som har konkurrert i alle dei tre klassene – snøskuter, bil og motorsykkel. Eg var i alle fall den fyrste i Noreg som køyrde asfalt-dragrace på snøskuter. Funksjonærane stod som spørsmålsteikn på banen på Gardermoen i 2001, humrar Klausen.

Han synest alle klasser har vore like morosame og at det er folka rundt som gjer det mest artig å delta. Og ikkje minst prosessen bak dei raske køyretøya.

– Å bygge køyretøya og sjå at dei fungerer i konkurranse mot andre er nok den største drivkrafta mi. Eg lagar mesteparten av delane sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt kan lagast

Bygger smie: Jan Erik går i far Øivind Klausen sine fotspor og smir. Nå skal han bygge smie heime i tunet. - Eg forskar mykje på tryggleik og metallurgi. Då passar det at eg har smedblod i årene, seier han.

– Så du er er ein riktig Reodor Felgen du?

– Dei påstår det.

Klausen har verkstaden sin heime på Smeland i Hegglandsgrend. Der lagar han mykje på oppdrag. Alt frå avtrekkshetter og rekkverk til anleggsutstyr. Han driv også med reparasjon av skogsanleggsmakskiner.

– Det du ikkje får kjøpt andre stadar lagar eg. Eg er av den tru at alt kan lagast og ingenting er umogleg, smiler Klausen.

Han har drive for seg sjølv sidan 2005, men har også jobba for anleggsbransjen i periodar.

– Du er jo son av smeden Øivind Klausen, går du i fotspora hans?

– På nokre felt. Eg har overtatt nokon av hans arbeidsoppgåver og kundar. Eg skal faktisk smi eit par i hymens lenkjer i år også.

Trehjulssykkel med jetmotor

Familietid: Jan Erik og sonen Øivind har mykje kvalitetstid i verkstaden. Der har dei mellom anna bygd trehjulssykelen med jetmotor som Øivind sit på.

Klausen synest det nesten er ei plage med så mange interesser som han har.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er nok svært nyfiken av meg og glad i å jobbe, seier han.

Ei av dei beste sidene ved dette er at han lagar mykje saman med sonen sin Øivind på verkstaden. Mellom anna har dei laga ein trehjulssykkel med jetmotor.

– Me har det moro i lag, seier han, og får eit bekreftande blikk frå sonen sin.

Klausen fortel at han prøvar å lære sonen så mange praktiske ting som mogleg.

– Kva om han byrjar med dragrace han også?

– Eg støttar han uansett kva slags val han tek. Eg må vera såpass diplomatisk at eg støttar han om det blir fotball han vil drive med også, avsluttar den blide fyresdølen i klukkande latter.