Kjempehopp: Magnus Krog går ut som nummer seks i langrennet i Granåsen. Bildet er frå rennet i Seefeld.

Sesongbeste av Magnus Krog

Magnus Krog var med i kampen om plass på pallen til det stod att to kilometer av laurdagens kombinertrenn i Granåsen.

Då sette finske Ilkka Herola og Jørgen Graabak fart, og Krog og tyskaren Manuel Faisst måtte gjera opp om fjerdeplassen. I den kampen var 32-åringen frå Høydalsmo sterkast og han kunne dermed gå inn til sesongbeste på heimebane i Trondheim.

– Det var tungt. Eg har hatt bra fokus i hoppbakken i det siste, men ikkje så bra grunnlag i langrennsløypa, sa Krog til NRK etter rennet, og la til at han sette pris på å vera tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdscupleiar Jarl Magnus Riiber var igjen suveren og vann rennet framfor Graabak og Herola.

Strålande hopp

Med eit hopp på 132 meter kunne Krog konstatere eit strålande utgangspunkt før langrennet i Trondheim.

32-åringen frå Høydalsmo gjekk ut som nummer seks, 1 minutt og 6 sekund bak Riiber.

VTB snakka med Krog før helgas konkurransar. Då sa han at hoppforma var bra, men at han var usikker på langrennsforma.

– Eg har ikkje fått trent nok rett og slett. Eg var veldig på gang i Oberstdorf og Seefeld, men har ikkje vore like pigg etter det, sa Krog.

– Eg skal nok klare meg brukbart i løypa, men dei beste går fortare enn meg, la han til.