Kaja Aamlid passar på å få med seg alle tips ho får på Sjusjøen.
Kaja Aamlid passar på å få med seg alle tips ho får på Sjusjøen.

Kaja hadde draumehelg med skiskyttarane

Tidlegare i haust fekk skiskyttar Kaja Aamlid frå Fyresdal MOT-prisen for innsatsen ho gjer for skiskyttarlaget i bygda. Som premie fekk ho «gullbillett» til sesongstarten på Sjusjøen.

Då Kaja Aamlid fekk MOT-prisen på youngstar-samling i Froland i slutten av august, blei ho rosa stort av juryen som meinte ho fortente den gjeve prisen. 

«Kaja Aamlid starta med skiskyting i Fyresdal skiskyttarlag for seks år sidan. Klubben har i dag berre 16 aktive medlemar. Ho har i desse åra vore den einaste jenta i sin årsklasse i klubben, men likevel hatt MOT til å vera med. Ho har også hatt MOT til å delta på ulike samlingar/skiskyttarskular for å bli kjent med fleire i sin årsklasse. Kaja er ei sprudlande jente som viser treningsglede i alt slags vêr, og er positiv i miljøet både lokalt og i kretsen. Ho er god til å gje konstruktive tilbakemeldingar, ros og oppmuntring til dei andre løparane rundt seg, og til dei andre jentene ho konkurrerer mot», stod det i grunngjevinga. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med pris og blomar høyrte det med ein stor premie. 

Les også:Skiskyttaren Kaja fekk MOT-pris

Variert program

Norsk skiskyttarforbund inviterte nemleg alle dei fjorten MOT-vinnarane til ei skikkeleg draumehelg med skiskyttarstjernene på Sjusjøen i helga. Det var duka for sesongstart, og dei unge skiskyttarane fekk reise, opphald og to fulle dagar med moro og hardt arbeid. 

Det gjekk mykje i trening, men også i god mat og spennande omvisingar. 

Mellom anna fekk deltakarane trene i landslagstøy saman med landslagstrenarane, besøke smøretraileren og sjølvsagt sjå på fellesstarten.