annonse

Kaisa (13) frå Vinje er tatt ut til talentsamling

Lovande
Lovande: Kaisa Vale er blant J14-spelarane i landet som er tatt ut til samling i Sarpsborg. (Foto: Privat)
J14 Y (ein av to troppar)

Kaisa Vale frå Vinje er ei av 39 jenter fødd i 2005 som er tatt ut til talentsamling i Sarpsborg.

Øystein Øygarden

Samlinga er frå 21. til 24. mars og samlar spelarar frå heile landet. Det er fyrste gong jenter fødd i 2005 er inne på eit nasjonalt tiltak, og eit signal om at ting spissar seg til. Det er tatt ut to troppar med J14-spelarar.

– Målet med samlinga er fyrst og fremst å gje spelarane inspirasjon og referansar som gjer at dei forhåpentlegvis jobbar endå betre i kvardagen, seier fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland på fotballforbundet sine heimesider.

For dei som er fødde eitt år tidlegare nærmar landslagsfotballen seg, og det er tatt ut både tropp til J15-landslaget og eit såkalla skuggelandslag.

I 2017 blei Vale plukka ut som ein av to spelarar frå Telemark til å vera med i «Drømmekampen». 33 barn mellom 8 og 12 skulle freiste lukka mot to eliteseriespelarar. Kaisa er målvakt for Vinje-jentene. 

Les også: Kaisa skal spele draumekamp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse