Same bil: Nett som den tidlegare verdsmeisteren med same etternamn, Petter, gjorde tidleg på 2000-talet, køyrer Jørgen Solberg Subaru Impreza.

Jørgen og Stig starta godt, men så rauk framhjulstrekket: – Det er ingenting å vera skuffa over

Med tredje beste tid på fyrste etappe, låg Jørgen Solberg og kartlesar Stig Granheim godt an under andre etappe av Rally Treungen, men så var uhellet ute. Dei kom seg til mål på etappen, men måtte bryte før siste start.

Solberg, som har vunne Rally Treungen to gonger tidlegare, starta rallykarrieren i 2000, men inntil i fjor hadde han ikkje køyrd rally på 15 år.

– Då eg blei 50 år i fjor, hadde me comebackrally på Hamar. Me hoppa i det og tok ein sjanse, og det gjekk ganske bra det, altså, fortel Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB fekk vera med under siste gjennomkøyring av løypa, den gamle vegen frå Felle til Heimdal i Nissedal kommune, før årets utgåve av Rally Treungen.

– Så langt i år har me køyrd eitt løp, i Elverum, det gjekk veldig bra fram til clutchen rauk og me måtte bryte. Det var keisamt, for me låg på 2.-plass, men slik er denne sporten, seier Solberg.

Før start laurdag var han håpefull.

– Eg trur dette blir veldig bra. Det er ein vanvittig bra is-sole, 80 prosent av løypa er is-sole, seier Solberg.

– Om ein ser på ein rallybil, så er alltid det beste føret ein kan få stålis. Dess glattare og hardare det er, dess betre for oss som køyrer med slike piggar, supplerer kartlesar Stig Granheim.

God kjemi

Eigentleg skulle Granheim berre vera kartlesar for Solberg éin gong. Men 20 år seinare sit han framleis i passasjersetet under rallyet på Solbergs heimebane.

– Jørgen trong kartlesar. Eg hadde køyrd rally med bror min i mange år, og me skulle gje oss. Eigentleg skulle eg berre bli med ein gong, berre for moro skuld, men me hadde det så morosamt og hadde så god kjemi, at me har blitt sitjande ved sidan kvarandre sidan, fortel Granheim.

– Det var magisk det løpet me hadde der Stig, det gjekk utruleg fort. Me låg rett bak dei beste heile vegen, og me hadde ikkje hatt gjennomkøyring heller. Det var vilt altså, seier Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

God kjemi: Eigentleg skulle Stig Granheim berre vera kartlesar for Jørgen Solberg éin gong, men sidan dei fann tonen så godt har det blitt langt fleire løp saman enn det.

Den gode kjemien dei to i mellom er tydeleg. Det er verdifullt når ein dundrar over humpete skogsvegar.

– Det er vanskeleg å finne i eit så lite miljø som me er ein del av, men den koden har me knekt. Eg skjønar kva Jørgen meiner utan at han treng å seie det, me les kvarandre godt, seier Granheim.

– Men me snakkar mykje likevel. Me har god takhøgd på det me driv med, humrar han vidare.

Kom ikkje til mål

Den fjerde utgåva av Rally Treungen bestod av tre etappar i same løype – til saman snaue 69 kilometer. Solberg og Granheim skifta etter gjennomkøyringa ut Teslaen med ein Subaru Impreza 2002-modell, same merke og type som Petter Solberg tok VM-gull med i 2003.

– Ein har både etappesigrar og totalsiger, men det er totaltida for dei tre etappane som gjeld. Ein kan fint vinne to etappar, og så punkterer ein på siste. Då er løpet køyrt, hadde Granheim forklara før start. Det skulle vise seg å bli ein slags spådom.

For Solberg og Granheim starta løpet sterkt, og hadde tredje raskaste tid, 14 minutt og 32 sekund, på fyrste etappe. På andre etappe låg dei også godt an, fram til uhellet var ute.

– Framhjulstrekket rauk, så me måtte køyre til mål med berre bakhjulstrekk. Det er ikkje bilen laga for, seier Solberg etter målgang.

– Eg trur det hadde blitt ei kjempetid, for eg hadde tatt ein del sjansar, og me låg nok 15-20 sekund betre an enn på fyrste etappen då det skjedde, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel var tida deira sjuande best på den andre etappen, og Solberg tek ikkje tungt på at dei ikkje kunne stille til start i den siste etappen.

– Det er ingenting å vera skuffa over, det er slik bilsporten er, konstaterer han.

Det var ingen som var i nærleiken av vinnarane av rallyet, sjåfør Lars Martin Stensbøl og kartlesar Mads Ola Stensbøl, som alt etter fyrste etappe hadde over eitt minutt ned til nestemann. Trass i at dei spann på siste etappe var totaltida til Ford Fiestaen deira over halvtanna minutt betre enn Petter Sævas Wasskas og kartlesar Henrik Johannessen som tok andreplassen.

Solberg er særs godt nøgd med rallyet sett under eit, som klubben hans, Nissedal og Åmli Motorsportklubb, var arrangør av.

– Det har vore ein flott dag, utan nokre hendingar av noko slag for korkje dei i bilane eller publikum.

– Vegen har halde kjempebra gjennom heile dagen. Grunneigarane som er så snille som let oss arrangere rallyet på vegen fortener mykje ros, avsluttar Solberg.