Langrennsløpar: Seljordingen Johannes Lønnestad Flaaten synest det er hyggeleg å bli lagt merke til og seier stipendet motiverer for å satse hardt vidare på ein karriere i skisporet.

Johannes har blikket festa mot junior-VM i 2022

Johannes Lønnestad Flaaten fekk gode ord og sjekk på 50 000 kroner frå Sparebanken Sør. Den talentfulle skiløparen frå Seljord har blikket godt festa mot junior-VM i 2022.

Skiløparen som tevlar for Morgedal IL og går på Hovden Skigymnas har fått mykje heiderleg omtale og støtte i det siste.

Les også
Johannes er årets kulturstipendvinnar

Førre fredag fekk han 50 000 kroner frå Sparebanken Sør som ein av to mottakarar av idrettsstipendet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I grunngjevinga sa Torhild L. Felle frå Sparebanken Sør at Flaaten var ein av dei mest lovande utøvarane i si årsklasse.

– Han har vunne 58 av 58 krinsrenn i perioden frå 2010 til 2016, og har eit medvite og personleg fokus på å framstå som eit sunt førebilete for unge og motivere til idrettsglede, sa Felle.

Flaaten sine merittar frå 2018 er mellom anna sølv i sprint og gull på stafett for Noregs 1. lag i nordisk juniorlandskamp. I årets sesong fekk han tredje plass samanlagt i 18-års-klassa i Equinor norgescup.

Flaaten seier stipendet motiverer for vidare satsing.

– Det er fyrst og fremst ekstremt hyggeleg å bli lagt merke til, og pengane kjem godt med til å optimalisere vidare satsing. Det gjer at eg kan reise på gode treningssamlingar som eg har mest nytte av og bidreg til bra utstyret som eg treng, seier han.

– Sjølv om eg ikkje er heilt vaksen og har dette som jobb enno, brukar eg mykje tid gjennom heile året. Difor set eg veldig pris på denne påskjønninga, held han fram.

Godt med snø

Han har akkurat starta att på Hovden Skigmynas etter at sesongen vart brått avslutta og det vart månader med heimeskule.

– Det er heilt ypparlege skiforhold på Hovden nå, og det vert køyrd opp løyper i alle fall i tre veker til. Eg har ikkje tapt så mykje treningsgrunnlag etter at sesongen vart avslutta, sidan det har vore gode treningsforhold i Høydalsmo og at eg i tillegg har fått brukt rulleskia godt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Samstundes er det godt å vere tilbake i det gode treningsmiljøet og få trent i hop med folk igjen, legg han til.

Tradisjonelt startar sesongoppkøyringa 1. mai kvart år til ein skisesong som varer frå oktober til april. Sjølv om mykje er annleis synest Flaaten det er fint med ein sommarsesong før ein skal tilbake på snøen til hausten.

– Det er fint å gjere andre ting sommarstid, og ikkje minst bygge opp kroppen og få treningsgrunnlaget før neste sesong.

Til hausten tek han til på siste året på Hovden.

– Eg gler meg til eit nytt år og vonar å utvikle meg vidare. Det er eit godt miljø i Vest-Telemark med mange gode løparar og treningsfasilitetar, held han fram.

Neste år skal 18-åringen konkurrere mot aldersgruppa 19–20 år og har som mål å bli mellom dei åtte beste.

– Så har eg som mål å bli topp tre av dei som er like gamle som meg sjølv. Langtismålet er junior-VM om to år, seier Flaaten.

Torhild L. Felle hjå Sparebanken Sør i Agder og Telemark seier dei årleg deler ut ein halv million kroner i stipend til unge idrettsutøvarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal motivere til vidare satsing og står til fri disposisjon av utøvarane, seier ho.

Vanlegvis plar det vere høgtidelege utdelingar, men Felle seier dei på grunn av pandemien naturleg nok måtte ha ei mindre markering i år.

Idrettsstipend: Torhild L. Felle overrekte stipendet til Johannes Lønnestad Flaaten i Sparebanken Sør sine lokaler i Bø.