Seks mål: Jan Marcus Hjertås skåra seks av dei sju måla for Seljord.

Jan Marcus med seks mål i dramatisk kamp: – Eg har nok aldri skåra så mange i éin kamp før

Etter tre strake tap i sesonginnleiinga har Seljord slått tilbake og er nå utan tap på dei fire siste. Mot Herkules torsdag kan dei takke storskåraren frå nabokommunen for dei tre poenga.

Kviteseidingen Jan Marcus Hjertås (28) skåra nemleg seks mål i 7-3-sigeren mot Herkules, som blir leia av fyresdølen Øyvind Haugen.

– Eg har nok aldri skåra så mange i éin kamp før, seier Hjertås til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fekk ein smell i serieopninga mot Brevik som har halde han på sidelina ein del i dei fyrste månadene. I dei siste kampane har det blitt meir speletid, og i lokaloppgjeret mot Vinje 16. mai kom sesongens fyrste fulltreffar.

Torsdag blei det altså seks mål.

– Det meste klaffa. Me har eit godt lag. Det hjelper med gode lagkameratar, seier Hjertås.

Han hadde eigentleg tenkt å leggje opp då A-laget i Kviteseid blei lagt ned, men fekk lyst til å prøve seg på Seljord-laget som rykte opp frå 6. til 5. divisjon i fjor. Nå håpar han laget skal kunne vera med å kjempe om kvalifisering til 4. divisjon (2.–5. plass spelar kvalikk, red. merk.).

Jubel: Etter 0 poeng på tre kampar, har det nå blitt 8 på dei fire siste for Seljord.

Snudde kampen

Herkules leia både 1-0 og 3-2, men Hjertås nekta å la skienslaget ta med seg poeng. Han utlikna til 1-1 før han gav Seljord leiinga 2-1 i den fyrste omgangen. Laga gjekk til pause med 2-2. Herkules skåra fyrst i andre omgang, men så var han der igjen; 3-3 og 4-3, før Oskar Kolstad Nordskog auka til 5-3. Hjertås rakk ytterlegare to skåringar før dommaren bles for full tid.

Seljord er no på 6. plass i 5. divisjon.

Nytt tap

Like lyst ser det ikkje ut for Vinje som framleis står med eitt poeng og er sist i 5. divisjon. Torsdag blei det 1-2-tap heime mot Kragerø.

Torgeir Lid Byggland skåra Vinje sitt mål då han reduserte etter om lag ein time.