Best: Ingrid Lid blei norsk meister på 100 km ultraløp i Bergen i helga.

Ingrid tok NM-gull. Nå siktar ho mot ein 16 år gamal rekord

Ingrid Lid frå Kviteseid blei norsk meister. Tida ho sprang på er godt under VM-kravet.

Med mor, far og kjærasten Silje som støtteapparat var det ein god dag for kviteseidingen i Bergen. Lid spring for tida for BFG Bergen Løpeklubb, som også var arrangør av den norske meisterskapen i ultraløp.

– Kroppen kjentest bra, seier Lid, som passerte fyrste maratondistanse (42 km) på 3 timar, 8 minuttar og 30 sekund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sluttida blei 7 timar, 45 minuttar og 8 sekund. Det var løyperekord og berre tre minuttar unna den norske rekorden som har stått i 16 år.

– Den vil eg prøve å slå i ein flatare trasé og med forhåpentlegvis mindre vind, seier ho til VTB.

Lid persa med nesten 14 minuttar på distansen og var godt under VM-kravet på 8 timar. Det betyr at ho er kvalifisert for VM 100 km i India i desember.