Ingrid til topps i fjellheimen – sikra samanlagtsigeren

Ingrid Lid frå Kviteseid var raskaste kvinne over dei 100 strabasiøse kilometrane i Rondane.

Til saman bruka Lid 13 timar og 34 minutt på dei 100 kilometrane i fjellheimen, 5. raskaste tid av alle og altså raskast i kvinneklassa.

Raskast: Ingen kvinne var raskare enn Ingrid Lid frå Kviteseid i 100-kilometersløpet i Rondane. Ho sikra samstundes samanlagtsigeren i Salomon Cup 2022.

– Det blei mykje knall og fall, og var ei blodig affære. Men alt i alt kom eg ganske greitt gjennom, og det var eit utruleg godt arrangert løp, seier Lid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løpet var det andre av to ultraløp i Salomon-cupen, som vart arrangert for fyrste gong i 2020. Med 2. plassen frå Nøsen Hundred, det andre løpet i tevlinga, sikra Lid 1. plassen samanlagt med sigeren i Rondane.

Salomon er saman med Tailwind Nuitrition sponsor for Lid.