Godt nøgd: Ingrid Lid låg lenge i front i kjellaren under Bislett stadion, og sette den eine rekorden etter den andre. Men så tok kreftene rett og slett slutt.

Ingrid med tre nye norske rekordar under Bislett24

Ultraløparen Ingrid Lid (32) frå Kviteseid sette tre nye norske rekordar på betongen i kjellaren på Bislett stadion sist helg.

For mange norske – og utanlandske – ultraløparar er Bislett24 eitt av dei absolutte høgdepunkta i sesongen. Der skal løparane altså gjennomføre så mange rundar som mogleg på 24 timar – på kortast mogleg tid. På kvinnesida var Ingrid Lid frå Kviteseid ein av førehandsfavorittane, men oppladinga til løpet blei nok for dårleg, trass rekordar undervegs.

– Det blei ikkje springing i 24 timar på meg, men eg klarte å slette alle dei tre rekordane eg sette under «Centurion Track100» i England i april. Først på 80 km, så 12-timars og til slutt 100-miles. Den førre rekorden min på 100-miles var på 14 timar, 13 minutter og 15 sekunder. Nå forbetra eg den til 13 timar, 46 minuttar og 23 sekundar, fortel ho til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det gjeld oppladinga til Bislett24, så var den som nemnt ikkje optimal.

– Det har vore ein krevjande periode. Først pådrog eg meg ribbeinsbrot, forstua ankel og handledd som gjorde at eg mista viktige treningar. Så klarte eg likegodt å pådra meg nok ein runde med covid, så grunnlaget var neppe heilt på topp, seier likevel ei svært godt nøgd Lid.

Hennar nye rekord på 100-miles er for øvrig nest beste tid på verdsrankinga dette året. Førsteplass på lista har amerikanske Camille Herron. Den norske rekorden på herresida har Bjørn Tore Kronen Taranger på 13.31.46. Med andre ord – Ingrids imponerande 13.46.23 er rett bak.

Lid, som tidlegare i år flytta til Bergen, representerer BFG Bergen løpeklubb.