SPRING FORT: Ingrid Stigen Byggland braut ein ny barriere då ho fekk sjå 12-sekundarstalet i eit av årets aller første stemne.

Ingrid frå Høydalsmo sprang fort og braut ein ny barriere

Vest-Telemark har heilt sidan Ann Helen Rinden sette distriktet på det nasjonale friidrettskartet, fått fram fleire gode sprintarar. Ingrid Stigen Byggland er det siste skotet på denne stammen. Ho braut for nokre dagar sidan ein barriere.

Høydalsmo-jenta imponerte stort då ho sprang 100-meter i eit stemne i Porsgrunn på 12,87 sekund. Dermed hamna Ingrid på ei eksklusiv liste over utøvarar i 18-årsklassen, som har fått sjå 12-sekundarstalet på denne distansen. Stigen Byggland forbetra i sesongopninga også «persen» på 200-meter.

Den dobbelte distansen vart nemleg gjord unna på 26,38 sekund. Det er heile 60 hundredelar betre enn den gamle bestenoteringa hennar. Ingrid har alt langt på veg nådd måla ho sette seg før sesongstart. Sjølv om sesongen berre så vidt ha byrja. Det lovar bra for dei neste vekene og månadene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nærmar seg senior-NM-kravet

– Eg har i sesongoppkøyringa hatt forhåpningar om at det skulle vera mogleg å få sjå 12-talet på 100-meter og eit godt stykke ned på 26-sekundarstalet på den dobbelte distansen. Det har eg no klart. No ser eg at det kan vera mogleg å klara kravet til senior-NM. Spesielt på 200-meter der eg ikkje er så langt unna, sa Ingrid som er noko så sjeldan som ein sprintar frå skibygda Høydalsmo.

Stigen Byggland har i motsetning til unge sambygdingar som har hatt talent for fleire idrettar, valt å velja vekk langrenn og vintersportsidrettar, til fordel for piggsko og sprint. Ingrid bestemde seg det siste året på ungdomsskulen for at ho ville testa ut kor langt det er mogleg å nå på friidrettsbanen. Dermed vart det naturleg å søkja seg til friidrettslinja på Toppidrettsgymnaset i Skien.

Har funne seg til rette

– Eg har funne meg godt til rette der. Eg har hatt to fine år både på skulen og i byen. Det vart eit løft for meg då eg kom inn i eit større miljø. Det at eg har moglegheit for å trena i skuletida er utviklande. Spesielt så lenge eg kan gjera det saman med flinke trenarar og hardtsatsande og dedikerte utøvarar. Eg har fått ein heilt annan treningskvardag etter at eg byrja på vidaregåande, seier den lokale sprintaren til Vest-Telemark Blad.

Ingrid som kom til semifinale i junior-NM i fjor, føler at ho har eit heilt anna utgangspunkt for å prestere i år, enn det som har vore tilfelle dei siste åra. Det handlar først og fremst om at ho har eit mykje betre treningsgrunnlag. Den eksplosive vesttelen har brukt hausten og sommaren til å forbetra seg på dei fleste områda. Tenåringen har vorte både sterkare og meir eksplosiv.

Har jobba med teknikken

Ho har også jobba med teknikken og fått utteljing for det. Ein av landets mest spennande sprintarar på dette alderstrinnet, har mest sannsynleg mykje å gå på. Stigen Byggland som har valt å representera moderklubben på tartandekket, er på langt nær den som har teke ut mest trening. Det var først etter at Ingrid vart idrettsgymnasiast at treningsdosane vart auka, og treninga vart sett i system.

– Kor mykje trening ligg det bak dei flotte friidrettsprestasjonane dine, Ingrid?

– Eg trenar stort sett kvar dag på skulen. Det blir også nokre kveldsøkter. I sum kjem eg nok opp i sju–åtte vekevise økter. Det må til for at eg skal oppnå dei resultata som eg ønskjer. Eit stort stemne i Gøteborg i starten av juli, er eit av dei store måla i vinter, seier Ingrid til lokalavisa.