Representerer Noreg: Johannes Lønnestad Flaaten og Ingerid Vadder skal representere Noreg i Falun.

Ingerid og Johannes skal representere Noreg

Noregs skiforbund har tatt ut 12 utøvarar til nordisk juniorlandskamp i Falun. To av dei representerer Morgedal IL.

Onsdag presenterte skiforbundet dei seks gutane og seks jentene som skal delta i juniorlandskampen 24.–26. januar.

Langrennstalenta Ingerid Vadder frå Ordal og Johannes Lønnestad Flaaten frå Seljord har båe imponert stort i sesongstarten. Vadder reiste heim frå Lygna i helga med junior-NM-gull på sprint og siger i noregscuprennet i skøyting. Flaaten var tre gonger blant dei ti beste og er nummer tre i noregscupen samanlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nordisk juniorlandskamp har blitt arrangert sidan 1978 for langrennsløparar, hopparar og kombinertutøvarar. Noreg, Sverige, Finland, Estland, Latvia og Litauen deltek årleg. USA er med som gjestenasjon annakvart år. Dei fire beste i M18 og dei fire beste i K18, i tillegg til dei to beste i M17 og K17 reiser til Falun.

– For skiforbundet langrenn er Nordisk juniorlandskamp ein viktig utviklingsarena for både løparar og leiarar, der fokus er å tileigne seg kunnskap, hauste erfaringar og bli kjent med utøvarar frå andre nasjonar. For dei fleste utøvarane er dette deira internasjonale debut, melder skiforbundet i ei pressemelding.

Fredag er det 5 og 10 kilometer i klassisk stil. Laurdag er det sprint (fristil) og sundag er det stafettar.

Jenter

Emma Kirkeberg Mørk, Drammens Ballklubb

Frida Haugskott, Buvik IL

Marte Mikkelsplass, Bromma IL

Tuva Johnsen, Raufoss IL langrenn

Ingerid Vadder, Morgedal IL

Tuva Anine Brusveen-Jensen, Lyn Ski

Gutar

Johannes Lønnestad Flaaten, Morgedal IL

Preben Horven, Bossmo og Yttern IL

Johannes Staune-Mittet, Lillehammer Skiklub

Ola Spigset, Nes Ski

Henrik Kvennås, Byåsen IL

Johan Lien Nordeng, Alsvåg IL