Skiskyttar: Eivind Gaastjønn, Fyresdal skiskyttarlag.

Ingerid, Johannes og Eivind tatt ut på toppidrettslaget

Langrennsløparane Ingerid Vadder frå Ordal og Johannes Lønnestad Flaaten frå Seljord er saman med skiskyttaren Eivind Gaastjønn frå Dalen tatt ut på Vestfold og Telemark toppidrett den komande sesongen.

Totalt blei 24 utøvarar av dei 69 som søkte tatt ut på toppidrettslaget. Stallen består av 10 jenter og 14 gutar i alderen 16-19 år.

– Det er ein veldig flott gjeng unge og gode idrettsutøvarar som er tatt ut, og det blir moro å følge denne gjengen gjennom stallåret, seier Bjørn Lauritzen, som er leiar i programstyret for VTT og styreleiar i Vestfold og Telemark idrettskrins i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Uttaket har vore vanskeleg fordi det var mange veldig godt kvalifiserte søkjarar, legg sportsleg koordinator Mikael Flygind Larsen til.

Han og Eirik Hanssen skal følge opp utøvarane i løpet av stallåret.

Lovande: Ingerid Vadder frå Ordal.
Langrennsløpar: Seljordingen Johannes Lønnestad Flaaten.

Mellom 15 og 19

Vestfold og Telemark toppidrett starta opp som UNIK toppidrett i 2003 og endra etter kvart namn til Vestfold toppidrett før det i samband med sammenslåinga av idrettskrinsane (som ein følge av fylkessammenslåingen) fekk sitt noverande namn: Vestfold og Telemark toppidrett (VTT). Programmet har heile vegen vore eit nært samarbeid mellom idrettskrinsen og fylkeskommunen. Idrettskrinsen har vore og er programeigar. I løpet av levetida har programmet utvikla seg til eit samspel mellom utøvar, trenar og skule. I tillegg har kontakten med Olympiatoppen blitt endå tettare, spesielt etter at den regionale avdelinga OLT Sørøst blei oppretta i 2017.

Utøvarar som ynskjer å delta i programmet, kan søke dersom dei ut over å satse som toppidrettsutøvar, fyller visse kriterium, som at dei er mellom 15 og 19 år og medlem i eit idrettslag i krinsen.

Det er årleg søknadsrunde og uttak.

Programmet inneheld samlingar i form av at informasjonsmøte, ei døgnsamling og ei dagssamling med teoretisk og praktiske fagtema, i tillegg til kulturelt innslag. Utøvarane blir fylgd opp av ein sportsleg koordinator, som har samtaler og møte med utøver og trener.

– Me skal ikkje vere i staden for, men i tillegg til – og i samarbeid med trenar, skule og idrettslag. Programmet skal tilføre fagleg og praktisk støtte til unge utøvarar som satsar på ein toppidrettskarriere, melder toppidrettslaget i ei pressemelding.