Kulturminister Abid Raja ser lys i enden av tunnelen for breiddeidretten. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Inga breiddeidrettsopning med det første

Vaksne utøvarar i breiddeidretten blir innlemma i trinn 1 av gjenopningsplanen til regjeringa, men vil framleis berre kunne trene utandørs med avstand.

Kulturminister Abid Raja varsla at ei forsiktig gjenopning for breiddeidretten skulle kunngjerast på pressekonferansen til regjeringa tysdag. Tiltaka i trinn 1 er likevel dei same som dei som i lang tid har vore gjeldande for breiddeidrettsutøvarar over 20 år:

«Voksne anbefales ikke å drive organisert aktivitet innendørs. Utendørs kan voksne drive organisert trening dersom det er mulig å holde god avstand».

Artikkelen held fram under annonsen.

Trinn 1 blir innført frå kommande fredag og inneber altså at vaksne i breiddeidretten stadig ikkje kan trene samla innandørs eller utan å halde éin meters avstand frå kvarandre. I kommunar med strengare tiltak enn dei nasjonale reglane, er det dei lokale som gjeld.

I trinn 2, som kan bli aktuelt å innføre i mai, heiter det at «Voksne bør ikke drive med organisert aktivitet med flere enn 20 personer innendørs og utendørs».

Raja sa til NTB fredag at han ser lyset i tunnelen for breiddeidrettsfamilien, sjølv om dei altså må vente ei stund til på lettar.

– Det er inga gruppe i Noreg som har ofra meir av kva ein har lyst til å gjere enn breiddeidrettsfamilien. Dei vaksne har ikkje drive med aktiviteten sin i snart 13 månader. Dei har halde ut lengst, lide mest, blødd mest. No ser eg endeleg lyset i tunnelen for dykk, sa Raja til NTB tidlegare tysdag.

Barn og unge under 20 år kan framleis trene og delta på fritidsaktivitetar. Dei har òg unntak frå éinmetersregelen. Dette gjeld ikkje i kommunar med strengare tiltak enn dei nasjonale, slik det til dømes er i ei rekkje kommunar i Viken fylke no.

(©NPK)