Hockeylykke: – Eg kan ikkje så mange triks, men eg er flink til å skåre mål
På isbanen Høydalsmo er det full fart både tidleg og seint, og kvart år på denne tida ryddar skulen timeplanen to halve dagar for å ha ishockeyturnering.
Den fyrste gjengen som turnerer er 1. –6. klasse, og det er 7. klasse si oppgåve å styre hockeyturneringa. Dei må passe på at alle følgjer reglane, at det er bra stemning og at folk har det moro.
– Det er ekstra moro når me kan rope i mikrofonen, fortel 7. klassingane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Langs vantet sit Jon og ventar på at laget hans skal spele. Trass i at sola skin er det litt kaldt.
– Eg likar å stå på skøyter, men eg er ikkje så flink, fortel Jon.
– Men far min spelar masse ishockey og han er veldig flink, legg han til.
Far hans, med hockeynamnet «Satan», er ein av veteranane på Høydalsmo Knatteikrlag, og om Jon framleis ikkje er like god som opphavet, så er han klar på kva ambisjonane for dagen er:
– Eg er her for å vinne. Og me vann førre kamp.
Lenger borte langs vantet nikkar Talleiv einig.
– Eg er her for å vinne, fordi viss ikkje er det ikkje gøy.
Tre jenter har også sett seg godt til rette på ei raud akematte, og erklærer at det slett ikkje så viktig å vinne.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er med for å ha det moro.
Dei tre meiner dei er ganske gode på skøyter.
– Eg kan ta piruettar, seier Randi.
– Eg kan ikkje så mange triks, men eg er flink til og skåre mål, smiler Hanna.
– Eg kan ikkje så mange triks eg heller, men eg kan stå på hendene og slå hjul, fortel Elida.
Trur skøyter skapar glede
Lærar Ståle Andre Lindheim trur det varierte uteområdet til skulen har positiv innverknad på læringsmiljøet, og er særs glad for at dei har ishockeybane på skuleplassen.
– Eg elskar å stå på skøyter, det er kjempegøy, gliser han.
– Og eg trur skøyter også skaper masse glede for elevane, seier Lindheim, som dessutan føler på ansvar for rekrutteringa til Høydalsmo knatteikrlag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er jo hockeylag i Høydalsmo, så me må trene dei litt opp.
Lindheim synest dagar som dette er det beste med å vere lærer.
– Det beste er å sjå gleda blant barna og ungdommane. At alle kosar seg og det er kjempefin stemning. Det er nydeleg å vere lærar når ein ser dette.
Kollegaen hans, Mats Nausdal, er heilt einig.
– Det er veldig fint miljø her på Høydalsmo skule. Betre enn byskulane, meiner Nausdal. Han synest det er moro å stå på skøyter, men er litt rusten. I år er det ikkje noko lærarlag med i turneringa, men blir det snakk om dette er han klar.
– Eg blir gjerne med!
– Det er heilt fantastisk å vere ute i dette vêret, og frisk luft er godt for kroppen, seier lærar Anders Gaastjønn. Han synest det er gøy å stå på skøyter, men gjer det for sjeldan.
– Lærarane er jo med på både volleyball-, kanonball- og fotballturnering, men ikkje hockeyturnering. Kvifor ikkje?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var eit godt spørsmål. Mogleg me er skjøre i beina …