Heile veka kjem skuleelevar på besøk til Kleivjordet i Morgedal for å løype og leike seg med ski på beina.
Heile veka kjem skuleelevar på besøk til Kleivjordet i Morgedal for å løype og leike seg med ski på beina. Foto: Gunlaug Lauvik Gjelstad

Historietime med ski på beina

Denne veka besøker skuleelevar frå Vest-Telemark Kleivjordet i Morgedal for å vere med på «ski i skulen»-opplegget til Vest-Telemark museum.

Morgedal

Det har blitt ein flott tradisjon både for skulane og for Vest-Telemark museum å invitere elevar med på skileik til Kleivjordet i Morgedal. Ein dag ute på kvitt dekke, bålkos, skileik utan heistrekk og gå turen opp for å sjå heimen til «skisportens far» Sondre Norheim og gjerne løype og leike seg ned att bakkane slik Norheim sjølv gjorde.

Vest-Telemark museum har hatt skuleelevar på liknande ski – og historieopplegg heilt tilbake til då OL vart arrangert på Lillehammer i 1994.

– Totalt får me denne veka 340 elevar på besøk frå skulane i Rauland, Øyfjell, Kviteseid, Brunkeberg, Straumsnes, Åmot og Edland, fortel Lucy Marie Bergan Odeberg ved Vest-Telemark museum.

tone.tveit@vtb.no

Elevane får lære om skihistoria der alt starta.
Elevane får lære om skihistoria der alt starta. Foto: Gunlaug Lauvik Gjelstad
Små og store kosar seg på Kleivjordet i Morgedal.
Små og store kosar seg på Kleivjordet i Morgedal. Foto: Gunlaug Lauvik Gjelstad
Norheim hadde nok vore nøgd om han hadde sitte i glaset på Øverbø og sett barn og unge leike seg på ski utanfor.
Norheim hadde nok vore nøgd om han hadde sitte i glaset på Øverbø og sett barn og unge leike seg på ski utanfor. Foto: Gunlaug Lauvik Gjelstad
Skuleelevane har denne veka besøkt Sondre Norheims fødestad, Øverbø.
Skuleelevane har denne veka besøkt Sondre Norheims fødestad, Øverbø. Foto: Gunlaug Lauvik Gjelstad