Herman tok ny medalje – denne gongen i lengde

Med eit hopp på 6,49 tok Herman Hogstad Sveinsson bronsemedalje i lengdekonkurransen i UM i Trondheim.

I går tok han gull på 100 meter. I dag tok han bronse i lengde – ei grein han øver svært lite på. Førre gong han hoppa i konkurranse var i UM i fjor. Han har berre hatt ei lengdetrening før meisterskapen i Trondheim, men hoppa likevel berre ti centimeter kortare enn gullvinnaren Aiden Floyd Vincent, Groruddalen Friidrett. Sondre Jahren frå Askjer blei nummer to med 6,56.

Fire av dei seks hoppa til Sveinsson var lengre enn 6.40.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før og etter lengdekonkurransen var det kvalifisering og semifinale på 200 meter. Sveinsson vann kvalifiseringsheatet og blei nummer to i semifinalen. Finalen er i morgon. Spørsmålet er kor mykje krefter han har bruka på lengdekonkurransen i dag. Sveinsson hadde seks hopp. I fjor «slapp» han unna med eitt.

Også Håkon Aberg frå Seljord IL tok bronse laurdag. Han sprang inn på 13.88 på 110 meter hekk. Emma Hagen sette ny personleg rekord i lengde med 4.86. Det heldt til delt 6. plass i J15. Kristian Eilefstjønn Berntzen sprang 800 meter i G15 og persa med 2.08,26 og 10. plass.