Gullgut: Hermam Hogstad Sveinsson flankert av Oliver Tollefsen og Aiden Floyd Vincent.

Herman sprang inn til gull i UM

Herman Hogstad Sveinsson (G17) vann 100-meteren i ungdomsmeisterskapen i Trondheim fredag.

– Veldig, veldig digg! UM er årets høgdepunkt, seier Herman Hogstad Sveinsson til VTB rett etter å ha fått det synlege beviset på at han er Noregs raskaste 17-åring.

Seljordingen sette ny personleg rekord med tida 11.15 då han vann 100-meteren. Det er eitt hundredel betre enn tidlegare bestenotering. Både Sveinsson og Oliver Tollefsen blei klokka i mål på 11.15, men tusendelane var i seljordingen sin favør. Ein herleg revansj mot Tollefsen som slo Sveinsson i finalen i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aiden Floyd Vincent blei nummer tre. Det skilde berre to hundredelar mellom dei tre beste.

– Marginar, gliser Sveinsson.

Sjå Herman ta gull her. Video: Hans Inge Hagen

Han har fokusert på starten og var godt med ut av startblokkane fredag. Frå 40 meter og ut går alt på autopilot og seljordingen kunne til slutt juble for gull.

Laurdag er det kvalfisering på 200 meter og lengde. Sveinsson har berre hatt ei lengdetrening denne sesongen og tør ikkje vente for mykje. I fjorårets UM hoppa han berre eitt hopp og tok gull, men han veit at nivået blant dei som trenar lengde fast er monaleg høgare i år.

Emma Hagen blei nummer åtte i finalen på 100 meter i J15. Ho sprang på 12.98, same tid som to andre jenter.